2. bataljon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå BN2)
2. bataljon
Land Noreg
Aktiv1947–1953
1955–no
Grein Hæren
Type Bataljon
RolleInfanteri
Storleik500 soldatar
ca. 150 befal[1]
Del av Brigade Nord
Garnison/HKSkjold
Motto«In hoc Signo Vinces»
(latin for: Under dette teiknet
skal me sigra)
Kallenamn2BN, Bn 2 og Infanteribataljonen
Beretflash

2. bataljon er ein av tre manøverbataljonar i Brigade Nord saman med Panserbataljonen og Telemark bataljon. Bataljonen, som vart oppretta i 1947, held til ved Skjold leir i Troms. Bataljonen skil seg kraftig frå dei andre manøverbataljonane sidan avdelinga er upansra og består hovudsakleg av vernepliktig personell.[2] Medan «nabobataljonen» aukar talet på verva soldatar, vil 2. bataljon vidareførast som ein verneplikt-basert bataljon. Avdelinga går også under namnet Infanteribataljonen grunna det store fokuset på fotsoldatar. Sidan 2. bataljon spesialiserer seg på arktisk krigføring og forsvarsstrid, er avdelinga ein sentral aktør i innanriksforsvaret. Likevel var ikkje avdelinga ein uviktig aktør i Noreg sitt bidrag til NATO-styrkane i Afghanistan. Tenesta er ifylgje Forsvaret utfordrande og skal siktast inn mot oppdrag frå reine kampsituasjonar til handtering av oppdrag i fredsstøtteoperasjonar.[3]

Avdelinga utgjer lettinfanteriet i Hæren,[4] med fokus på arktisk krigføring, forsvarstrid, urban krigføring (SIBO) og skyttargravskrig. Soldatane i 2. bataljon skal vera i stand til innsetjing med båt og helikopter. Dei skal òg kunna føra strid til fots med og utan støtte frå personellvogner.[3][5] Tenesta i avdelinga stiller høge krav til motivasjon og fysisk kapasitet, sidan treninga i 2. bataljon, og elles i Hæren, er krevjande.[5] Bataljon vektlegg realistisk trening i krevjande omgjevnader og under alle klimatiske forhold.[5] Etter endt rekrutt får soldatane den sandfarga bereten.[6][7]

På Skjold leir er det 2. bataljon som har ansvaret for vakthald og drift av leir. Tidlegare gjekk vakttenesta på rundgang i heile leiren, ettersom ein ikkje hadde eigne vaktsoldatar.[8]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Tysklandsbrigaden[endre | endre wikiteksten]

2. bataljon er ein gamal og ærverdig infanteriavdeling[9], som vart oppretta kort etter Tysklands kapitulasjon under den andre verdskrigen, i 1947, som ein del av den norske okkupasjonsstyrken. Bataljonen vart ein del av Tysklandsbrigade 471[10][11], den første okkupasjonsbrigaden frå Noreg.[12] Soldatar frå Agder (IR7), Rogaland (IR8), Hordaland (IR9) og Fjordane infanteriregiment (IR10) og soldatar frå Ulven leir i Os utgjorde infanteribataljon nr. 2.[11] På grunn av den høge rekrutteringa frå vest, gjekk avdelinga under tilnamnet Vestlandsbataljonen.[13]

Avdelingsmerket til Infanteribataljon nr. 2 under Brigaden i Nord-Norge

Bataljonen vart etablert og innkvartert ved garnison Bad Gandersheim i Niedersachsen vinteren 1947. Dette var berre ei mellombels stasjonering: Infanteribataljonen fekk overta ein kaserneleir i Höxter an der Weser i Nordrhein-Westfalen etter eit belgisk artilleriregiment.[11] Seinare, i 1948, skifta 2. infanteribataljon hovudkvarter til Husum leir i Schleswig-Holstein.[14][15] I 1951, under Tysklandsbrigade 512, flyttar bataljonen til Holtenau nord for Kiel. Utdanningsmessig var dette ein stor fordel fordi øvingsforholda var betre enn i Husum leir.[16]

Ifylgje organisasjonsoversynet frå 1947, hadde Tysklandsbrigaden tre infanteribataljonar.[11] I 1951 auka talet på soldatar i infanteribataljonane, frå 681 til 929, medan talet på infanteribataljonar vart redusert til to.[17][18] 2. infanteribataljon var stasjonert i Tyskland til april 1953, då Tysklandsbrigaden vart oppløyst.[19][20] Våren 1953 vart det bestemt at ein ståande brigade skulle etablerast i Troms fylke.[21] 2. infanteribataljon fekk ei ny overordna avdeling Brigaden i Nord-Norge (Brig N), som vart etablert 1. september 1953.[22] I 1955 vert 2. infanteribataljon flytta til Maukstadmoen leir i Målselv i Indre Troms.[21] Saman med 1. infanteribataljon utgjorde desse kampavdelingane infanteriet i Brig N til 1987, då 1. infanteribataljon vart pansra. Griffen, avdelingsmerket til bataljonen, har lenge vore eit sentralt symbol i den norske hæren, men bataljonen tok ikkje i bruk fabeldyret før på 90-talet.

Afghanistan[endre | endre wikiteksten]

Avdelinga hjelpte ISAF i 2006.

I 2006 bidrog bataljonen med ein hurtig reaksjonsstyrke (HRS), utstyrt med CV90 stormpanservogner, i Afghanistan.[23] 2. bataljon vart avløyst av Panserbataljonen eit halvår seinare, i januar 2007.[24] Mekanisert infanterikompani frå Telemark bataljon avløyste så Panserbataljonen etter 6 månadar.[25] I 2011 var stoda annleis: 2. bataljon utgjorde kjerna i ISAF utrykningsstyrke, HRS-styrke, i Nord-Afghanistan.[26] Frå 2008 sendte Hæren offiserar frå 2. bataljon til å trena opp afghanske mannskap i eit OMLT-gruppe. Denne skal fungera som eit bindeledd mellom internasjonale styrkar og den afghanske armeen.[27]

Omstillingar[endre | endre wikiteksten]

Trass den langvarige historia, har bataljonen opplevd utfordringar, utvikling og endringar – spesielt innan det materielle. Under våpenhjelpa i 1965 fekk Infanteribataljon nr. 2 tilført amerikanske bombekastarvogner.[28] Svenske beltevogner av typen BV 206 har i seinare tid danka ut dei amerikanske innan bombekast (BK). I 2004 vart avdelinga revitalisert som ein mekanisert infanteribataljon på plattforma CV9030 stormpanservogner.[9][29] Kompani B og C i bataljonen tok i bruk reservevognene til Panserbataljonen og skifta til kavaleriet sin svarte beret. Likevel bar avdelinga alltid med seg kulturen for å vera god på fotstrid.[9] Året etter tok bataljonen i bruk sandfarga beretar. Avdelinga avskaffa bruken av stormpanservogner sommaren 2009, då andre vogner tok over. Kompani B tok i bruk M113 panservogner utstyrt medan Kompani C vart utstyrt med Sisu XA, pansra hjulgåande personellvogner.

I 2013 skjedde det ei ny omstilling der avdelinga gjenoppstod som eit lettinfanteri med stor fleksibilitet og eldkraft. Dette gjer dei endå betre på strid i arktiske strok. Bjørnar Eriksen, bataljonsjef, fortel at med SISU-vogner måtte ein tenkje kor ein køyrte, medan med beltevogner og føter kan ein koma til overalt.[6] Fleire aviser har difor gitt 2. bataljon tilnamnet «arktisk bataljon».[2][30]

1. desember 1999 omkom ein vernepliktig soldat frå 2. bataljon, då ei beltevogn gjekk gjennom isen ved Mauken skytefelt i Målselv.[31] Dei seks andre i vogna kom seg ut, medan sistemann drukna. Soldatane skal visstnok trudd at tjernet var berre ei myr. Marius Hatlelid Schei på 19 år vart funnen dagen etter.[32] Ulukka førte til hastetiltak i Hæren; blant anna tekniske endringar på beltevognene og tryggleiksmessige innskjerpingar.[33] I 2013–2014 gjekk beltevognene gjennom ein ny totalrenovering.[34]

Internasjonal eksersis[endre | endre wikiteksten]

Sommaren 2014 deltok delar 2. bataljon i saman med Telemark bataljon på øvelse Saber Strike i Latvia, der fokuset låg på infanteritrening og urban krigføring. Medan 2. bataljon vendte heim, har Telemark bataljon fortsett treninga si i Lativa november 2014, sidan dei er éin av hovudelementa i NATOs hurtige reaksjonsstyrke (NRF).[35] Under øvelsen fekk både verva og vernepliktig personell i 2. bataljon brukt soldatevnene sine i eit større NATO-samvirkesystem.[36]

Operasjonar[endre | endre wikiteksten]

Ein soldat frå 2. bataljon med våpensystemet Javelin på øving Saber Strike i Latvia.
  • 1947–1953: Infanteribataljon nr. 2 er ein del av den norske okkupasjonsbrigaden.
  • 2000–2004: Underlagt KFOR i Kosovo.
  • 2006–2007: ISAFs hurtige reaksjonsstyrke i Nord-Afghanistan.
  • 2008–2012: 50 offiserar frå 2. bataljon driv opplæring av afghanske offiserar og soldatar, i eit prosjekt kalla OMLT.[27][37]
  • 2014: Bataljonen deltok på den store NATO-øvelsen Saber Strike i Latvia.

Avdelingsmerket[endre | endre wikiteksten]

2. bataljon sitt avdelingsmerke er ein griff i gull med heva vikingsverd på svart bakgrunn. Skjoldet vart godkjend av HM Kong Harald i 2003. Griffen er eit nord-norsk våpenmerke som har vore kjent heilt sidan vikingtida.

Fabeldyret griffen har løva sin bakkropp, ørnehovud og vinger. Den vert oppfatta som voktar av materielle og andelege verdiar.[38] Dyret er kjent for å vera beskyttande, klok og smart. Han representerer både kreftene på jorda og i lufta der den er overlegen i styrke og kampvilje.

Kompani[endre | endre wikiteksten]

Bataljonstab[endre | endre wikiteksten]

Bataljonstaben er leiinga i 2BN. På oppdrag er staben i kommandoplassen, og har det overordna ansvaret for å føra striden og plassera styrkane. Bataljonsjef i avdelinga er oberstløyntnant Bjørnar Eriksen.[6][7]

Kavalerieskadronen[endre | endre wikiteksten]

Eskadronen også under forkortinga «Kavesk», og er ei oppklaringsavdeling. Kavalerieskadronar av lik karakter finn ein òg i Panserbataljonen og Telemark bataljon.[39][40] Eskadronen skal henta informasjon og ta ut fiendtlige nøkkelressursar foran eigne underavdelingar.[3][5] Dei er spesialistar på patruljering og oppklaring. Ved behov for skarpskyting, kan eskadronen ta i bruk HK417 skarpskyttarrifler. Når ikkje soldatane bruker beina, er dei oppsett på 6-hjuling og snøskuter.[5] Avdelinga skal òg vera i stand til å leia eld ifrå artilleri og bombekastarar.[3] Eskadronstaben står for forsyninga og brukar BV206 beltevogner. Mottoet er «Paramus Viam» (latin for: Me gjer i stand vegen). Avdelingsmerket er ein gul ulv på raud bakgrunn.

Geværkompani Bravo[endre | endre wikiteksten]

Kompani Bravo (KpB) er ei mekanisert infanteriavdeling, som vil seia at dei er fotsoldatar oppsett på BV206 beltevogn, støtta av 12.7 mm mitraljøse.[5] Geværkompania utdannar lettinfanteristar.[7] Dei har både kapasitet innafor åtak- og forsvarsoperasjonar, under alle forhold i alle typar terreng, frå ope lende, skyttargravar til urbane område (SIBO). Kompani Bravo og Charlie er spesialisert på strid til fots og skal kunne setjast inn med beltevogner, helikopter eller sjøtransport.[3] Kompaniet har stor mobilitet i lendet med stor ildkraft som HK416 angrepsrifler, lett maskingevær (LMG), MG42 maskingevær og panserbrytande våpen. KpB går under mottoet «Viker for ingen», og har ein jerv i avdelingsmerket, slik som Stormeskadron 4.[41]

Geværkompani Charlie[endre | endre wikiteksten]

Kompani Charlie (KpC) skil seg lite frå Kompani Bravo. KpC er også ei mekanisert infanteriavdeling, med kapasitet innafor operasjonar under alle omgjevnadar. Kompaniet er spesialisert på fotstrid i skyttargravar og i urban samanheng.[3] Soldatar i geværkompania får også utdanning innan nærkamp.[42] Kompaniet har kompaniet høg mobilitet. Ofte er gæversoldatane tungt utstyrte; det krev difor fysisk robuste og motiverte mannskapar.[3][4] Mottoet til Kompani Charlie lydar «Non plus ultra» (latin for: Ikkje noko bortafor) som refererer til perfeksjonen deira. Kompaniet består av 2 troppar.

Støttekompani[endre | endre wikiteksten]

Støttekompaniet (Stø kp) er avdelinga si kampstøtteavdeling. Det er det største og mest komplekse kompaniet i 2. bataljon.[5] Kompaniet sørger for at kampavdelingane får det dei treng i strid innan sanitet, panservern, krumbaneeld (BK), forsyning, reperasjon og sambandsdekning. Ei viktig oppgåve er å utdanna spesialistar innan desse fagområda.[3] Kompaniet har fleire troppar. Sanitetstroppen er tett opp i striden til KpB og KpC, og behandlar såra i strid. Med beltevogner evakuerer sanitetssoldatane dei såra vekk frå striden. Stridstrentroppen forsyner, bergar og reparerer kompania i felt. Kommandoplasstroppen (KDO) fasiliterer for bataljonstaben. Troppen står òg ansvarlege for bataljonsnettet, sambandsdekning. Troppen består difor av fleire relélag med kapasitet til å skapa radiokommunikasjon mellom avdelingane. Laga etablerer seg på fjelltoppar med hjelp av beltevogn BV206, 6-hjuling eller snøskuter.[43] Grunna at ein opererer isolert og åleine, vert det lagt vekt på teknisk innsikt og fysisk styrke som soldat i eit relélag.[44] Bombekastartroppen utfører nedslag av 81 mm bombekastargranatar i felt. Troppen har fleire eigne lokaliseringslag (BK-OP) som i observasjonspostar rettleiar nedslaga mot fienden. Støttekompaniet har også ein panserverntropp. Desse er utstyrte med det toppmoderne panserbrytande våpenet Javelin. Troppen kan avleggja panservernmissilar frå alle strategiske rekkeviddar, både ope lende og bygningar.[45][46] Avdelingsmerket er ein bjørn på oransje, og går under mottoet «Semper Paratus» (latin for 'Alltid klar').

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «2. bataljon». Store Norske Leksikon. Henta 20. september 2017. 
  2. 2,0 2,1 Ege, Rune Thomas (23. mars 2012), «Slik blir fremtidens forsvar», Verdens Gang, henta 29. desember 2014 
  3. 3,0 3,1 3,2 3,3 3,4 3,5 3,6 3,7 ««2. bataljon»». Forsvaret. Henta 23. desember 2014. 
  4. 4,0 4,1 Sandve, Øystein (2014), «Tre favorittar: Militær heraldikk», Dag og Tid (28) 
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 5,4 5,5 5,6 ««2. bataljon»». Forsvaret. Henta 22. desember 2014. 
  6. 6,0 6,1 6,2 Nor, Tuva (7. august 2013), «Bataljon i forandring», Forsvarets mediesenter, henta 19. desember 2014 
  7. 7,0 7,1 7,2 Berg, Sveinung Bentzrød (7. september 2013), «Slik ble soldathverdagen deres», Aftenposten, henta 27. desember 2014 
  8. «Administrasjonsassistent Mathias Norum». Forsvaret. Henta 28. desember 2014. 
  9. 9,0 9,1 9,2 Folkedal, Pål (9. november 2011), «Nijmegen – De 4daagse – In hoc signo vinces», Norges Offisersforbund, arkivert frå originalen 29. desember 2014, henta 27. desember 2014 
  10. Gisetstad, Johan (2007), «Hva var Tysklandsbrigaden.», Tysklandsveteranen, arkivert frå originalen 29. desember 2014, henta 19. desember 2014 
  11. 11,0 11,1 11,2 11,3 Breidlid, Olav, «Brigade 471», Tysklandsbrigaden, henta 22. desember 2014 
  12. Rasmussen, Svein, «Tysklandsbrigaden 1947 - 1953. Haugalendinger i internasjonale operasjoner», Haugalandsmuseene, s. 1 
  13. Stavenes, Aage Henning, «Bømoen og Tvildemoen. Litt om dei gamle ekserserplassane» (PDF), Tysklandsbrigaden, s. 51, henta 26. desember 2014 
  14. Hauge, Jens Christian, «Dagboksnotater fra KpC/II Batj/ Brig 511», Tysklandsbrigaden, henta 26. desember 2014 
  15. Selvik, Nils T., «”Brigadeland” - noen historiske glimt», Tysklandsbrigaden, henta 26. desember 2014 
  16. Breidlid, Olav m.fl., «Brigade 512», Tysklandsbrigaden, henta 26. desember 2014 
  17. Rasmussen, Svein (februar 2012), «Tysklandsbrigaden 1947–1953. Haugalendinger i internasjonale operasjoner» (PDF), Haugalandsmuseene, arkivert frå originalen (PDF) 27. mars 2018, henta 25. desember 2014 
  18. Breidlid, Olav, «Brigade 511», Tysklandsbrigaden, henta 26. desember 2014 
  19. Breidlid, Olav m.fl., «Brigade 522», Tysklandsbrigaden, henta 25. desember 2014 
  20. «Tysklandsbrigaden». Store Norske Leksikon. 22. august 2014. Henta 26. desember 2014. 
  21. 21,0 21,1 Rødø, Jacob (1985), «Bn-sjefer 1955 — 1985» (PDF), Hobbiten.net, s. 14, henta 26. desember 2014 
  22. Breidlid, Olav (1990). Hæren etter annen verdenskrig. 1945–1990. Oslo: Hærstaben. s. 182. ISBN 82-90545-16-9. 
  23. Egeberg, Kristoffer (29. august 2006), «NATO vil sende norske soldater til «dødssonen»», Dagbladet, henta 27. desember 2014 
  24. «Ny QRF klar for Afghanistan», Norsk veterannettverk, 29. januar 2007, henta 27. desember 2014 
  25. Haugen, Martin (27. oktober 2013), «Har vært fem ganger i Afghanistan», Grimstad Adressetidende, arkivert frå originalen 29. desember 2014, henta 27. desember 2014 
  26. Berg, Sveinung Bentzrød (20. oktober 2011), «19-åringer under tysk kommando», NRK, henta 27. desember 2014 
  27. 27,0 27,1 Løvland, Torbjørn (26. februar 2008), «Leder mentorlag til Afghanistan», Forsvarets Forum, arkivert frå originalen 24. september 2015, henta 27. desember 2014 
  28. Breidlid, Olav (1990). «Nye materiellplaner». Hæren etter annen verdenskrig. 1945–1990. Oslo: Hærstaben. s. 304. ISBN 82-90545-16-9. 
  29. Ravnaas, Paal; Løvland, Torbjørn (24. april 2009), «Prøvelsen», Forsvarets forum, arkivert frå originalen 26. januar 2011, henta 23. mai 2016 
  30. Kristoffersen, Ivar (13. april 2012), «Det militariserte Nord-Norge», Nordlys, henta 29. desember 2014 
  31. «Beltevogn gikk gjennom isen – soldat omkom». Verdens Gang. 12. desember 1999. Henta 26. desember 2014. 
  32. «Soldat omkom da beltevogn sank», Verdens Gang, 2. desember 1999, henta 27. desember 2014 
  33. Fredly, Jan Eivind (10. mars 2004), «Skjerper sikkerheten etter beltevogn-ulykker», Forsvarets Forum, arkivert frå originalen 29. desember 2014, henta 27. desember 2014 
  34. Husby, Tor (2014), «Ca 100 beltevogner oppgraderes for Skjold-garnisonen» (PDF), Offisersbladet (nr. 6), s. 50, henta 4. desember 2014 
  35. Clausen, Einar Holst (2014), «En mekanisert kompanistridsgruppe fra Telemark Bataljon deltar på en NATO-øvelse i Latvia i høst» (PDF), Offisersbladet (nr. 6), s. side 48, henta 4. desember 2014 
  36. Husby, Tor (2014), «Opptrappet norsk militært nærvær i Baltikum», Offisersbladet (nr. 6), s. side 9, henta 28. desember 2014 
  37. Berg, Sveinung Bentzrød (20. oktober 2011), «Lenge til neste norske offensiv i Afghanistan», Aftenposten, henta 27. desember 2014 
  38. «Innføring i militær heraldikk» (PDF), Forsvaret, s. 13, 1. april 2013, henta 31. desember 2014 
  39. «Panserbataljonen». Forsvaret. Henta 27. november 2014. 
  40. «Telemark bataljon». Forsvaret. Henta 3. desember 2014. 
  41. Jorfald, August (30. juni 2014), «2. Bataljon KpB Tropp 3 2013/14 Dimmefilm», YouTube, henta 19. november 2014 
  42. Myhre, Steffen (4. juli 2014), «Dimmefilm 2BN,KPC, TR2 Kont 0813, 2013-2014», YouTube, henta 27. desember 2014 
  43. «Sambandstjeneste – teletjeneste». Forsvaret. Henta 30. november 2014. 
  44. «Sambandstjeneste – radiotjeneste». Forsvaret. Henta 30. november 2014. 
  45. Clausen, Einar Holst (2012), «Sammenslått øvelse i Nord» (PDF), Offisersbladet (7), s. 11, henta 28. desember 2014 
  46. «Skjøt med Javelin fra bygg». Hærens kommunikasjonsavdeling / Forsvaret. Henta 28. desember 2014.