BTR-90

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
BTR-90

BTR-90 eller GAZ-5923 er eit russisk amfibisk pansra personellkøyretøy med åttehjulsdrift frå Arzamas, ein del av GAZ-konsernet. I store trekk er det eit forstørra skrog frå ein BTR-80 med tårn frå ein BMP-2. Pansringa er forbetra frå BTR-80, noko som skal gje vern mot 14,5 mm kaliber framanfrå.

Den er bestykka med ein 30 mm maskinkanon, koaksial 7,62 mm mitraljøse og AGS-17 30 mm granatkastar.

Historie og utvikling[endre | endre wikiteksten]

BTR-90 vart utvikla i 1993, og vist offentleg i 1994. Ei lita mengd av vognane er i teneste ved russiske innenriksstyrkar.

Teknisk[endre | endre wikiteksten]

Vognføraren og vognkommandøren sit framme i skroget. Infanteristane sit av gjennom lukar mellom andre og tredje hjulsett.

I vatna drivast BTR-90 fram av to vassjetar.

Hovedbestykninga er ein 30 mm maskinkanon av type 2A42 eller ein 100 mm kanon av type 2A70. Desse kan hevast til 75°, og er stabilisert i to aksar. Koaksialt er montert ein mitraljøse av type PKT. Ein automatisk granatkastar av type AGS-17 kan òg monterast. Panservernsmissil av type AT-5 Spandrel (russisk namn Konkurs). Denne siste er montert på tårntaket og har ei rekkjevidde på rundt 4 km. Fire missil kan verta medtekne.

Motoren er ein turbodiesel og er montert bak i skroget.

Variantar[endre | endre wikiteksten]

BTR-90M
Med kanontårn frå BMP-3 og 100 mm kanon. Først sett i 2001, og ikkje i teneste lenger.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]