Tonen B

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå B i musikk)
B

Tonen B (engelsk B flat, italiensk Si bemolle) er i musikken tonen H senka eit kromatisk halvtonetrinn, dvs hess.

I mellomaldersk bokstavnoteskrift var B den nest lågaste tonen, eit heiltonetrinn over utgangstonen A. I kyrkjetoneartane dorisk og lydisk forekom tonen b i to variantar, den mjuke og b () og den harde b. Den mjuke låg ein halv tone under den harde b. For å skilje dei to tonane, vart teiknet for den harde (høgare) b teikna meir kantet, og slik kom det til å likne meir på teiknet for vår h. I norsk, som i tysk, musikktradisjon vert denne tonen difor kalla h, medan engelsk enno brukar namnet b for vår h.

Forteiknet kom med tida til å bli bruka generelt for å vise at ein tone skal bli senka eit halvt trinn. Teiknet for den harde b (h) utvikla seg til teikna # og eit oppløysingsteikn som opphever verknaden av eit tidlegare # eller .

På andre språk[endre | endre wikiteksten]

I moderne svensk vert tonen kalla Bess eller B♭, i traditionell svensk B (ved klassisk musikk).

Kjelder[endre | endre wikiteksten]