Baathisme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Ba'athisme)

Baathisme (òg skrive ba'athisme) er ein politisk ideologi som vektlegg arabisk nasjonalisme, panarabisme og arabisk sosialisme.[1] Ideologien byggjer på idéane til Michel Aflaq, ein kristen, Salah al-Alen din-Bitar, ein sunnimuslim, og Zaki al-Arsuzi, ein alawitt. Irak vart styrt av det irakiske Baathpartiet frå 1968 til 2003, og det syriske Baathpartiet har styrt Syria sidan 1963. Baathisme var den offisielle statsideologien til Irak under Baathpartiet sitt styre, men har aldri vore offisiell statsideologi i Syria. Baathisme er likevel den offisielle ideologien til det styrande partiet i Syria under Bashar al-Assad.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Leraand, Dag (22. august 2023). «Baath-partiet». Store norske leksikon (på norsk).