Baathpartiet i Syria
| Baath-partiet | |||
| | |||
| Land | Syria | ||
|---|---|---|---|
| Partileiar(ar) | Bashar al-Assad | ||
| Generalsekretær | طبيب وسياسي سوري | ||
| Grunnlagt | 7. april 1947 | ||
| Nedlagt | 11. desember 2024 | ||
| Hovudkvarter | Damaskus | ||
| Ungdomsorg. | Revolutionary Youth Union | ||
| Medlemstal | 1 200 000 (2010) | ||
| Ideologi | baathisme, Neo-Ba'athism | ||
| Politisk posisjon | venstreekstremisme | ||
Baath-partiet (arabisk حِزْب البَعْث: حِزْب البَعْث, Hizb al-Ba'th, ‘gjenfødingspartiet’), med omsett fullt namn ‘Arabisk sosialistisk gjenfødingsparti’, var eit panarabisk og sosialistisk parti i den arabiske verda.[1]
I Syria blei Baathpartiet grunnlagt på 1940-talet av Michel Aflaq, Salah al-Din al-Bitar og Zaki al-Arsuzi,[2] og var deretter ein viktig kraft i politikken i landet. Baath-partiet talte for panarabisme og sosialisme og har tradisjonelt vore antiimperialistisk og antiisraelsk. Partiet dominerte det politiske miljøet i Syria frå 1963 gjennom ulike regime. Det siste var Assadregimet, med presidentane Hafez al-Assad og Bashar al-Assad frå 1971 til 2024.
Etter fallet til Assad-regimet blei det ved ein nasjonal konferanse 29. januar 2025 valt å oppløysa Baathpartiet.[3]
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «Bathpartiet - Uppslagsverk - NE.se». www.ne.se. Henta 2024-12-11.
{{cite web}}: Cite has empty unknown parameters:|coauthors=og|month=(hjelp) - ↑ «Baath-partiet» i Store norske leksikon, snl.no.
- ↑ Dagens nyheter, al-Sharaa blir övergångspresident, 29/1 2025
- Denne artikkelen bygger på «Baathpartiet (Syrien)» frå Wikipedia på svensk, den 3. mai 2025.