Bab el-Mandeb

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bab el-Mandeb-sundet)
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 12°35′N 43°20′E
Bab-el-Mandeb
sund
none  NASA-bilete av Bab el-Mandeb-sundet
NASA-bilete av Bab el-Mandeb-sundet
Land Flag of Yemen.svg Jemen, Flag of Djibouti.svg Djibouti Flag of Eritrea.svg Eritrea, Flag of Somalia.svg Somalia
Koordinatar 12°35′N 43°20′E
Lengd 130 km
Breidde 40 km
Djupne 609 m
Map of Bab-el-Mandeb.png
Wikimedia Commons: Bab-el-Mandeb

Bab-el-Mandeb (arabisk باب المندب, «Tåreporten»)[1] eller Mandebsundet er sundet som knyt saman Raudehavet med Adenbukta og Det indiske havet. Sundet ligg mellom kysten av Jemen på austsida og kysten av Eritrea og Djibouti på vestsida. Sør for sundet ligg Somalia.

Aust i sundet, nær kysten av Jemen ligg den jemenittiske øya Perim. Perim deler sundet i eit austleg og eit vestleg laup: det austlege er 3 km, det vestlege 20 km breitt. Sørvest i sundet, utanfor kysten av Djibouti ved overgangen til Adenbukta, ligg Sawabi-øyane. Denne øygruppa høyrer til Djibouti.

Namn[endre | endre wikiteksten]

Batymetrisk kart over Raudehavet med Bab-el-Mandeb nedst til høgre.

Namnet på sundet kjem frå faren det var å segle gjennom det, eller i følgje ei arabisk segn frå dei mange som drukna her under eit jordskjelv som skilde Etiopia og Arabia.[1]

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Bab-el-Mandeb er det strategiske kuntepunktet mellom Indiahavet og Middelhavet via Raudehavet og Suezkanalen. I 2006 vart de testimert at 3,3 millionar fat olje passerte gjennom sundet kvar dag, av ein total på 43 millionar fat som vert flytta av tankskip kvar dag.[2]

Avstaden over sundet er kring 30 km frå Ras Menheli i Jemen til Ras Siyyan i Djibouti. Øya Perim deler sundet i to kanalar, der den austlege heiter Bab Iskender (Aleksandersundet) og er 3 km breitt og 30 m djupt, medan det vestlege, eller Dact-el-Mayun, har ei breidde på kring 25 km og ei djupne på 310 meter. Nær kysten av Djibouti ligg ei mindre øygruppe kalla «Dei sju brørne». Det går ein overflate straum innover i den austlege kanalen, men ein kraftig straum utover i den vestlege.[1]

Historie[endre | endre wikiteksten]

I følgje Ut frå Afrika-hypotesen kan Bab-el-Mandeb truleg ha vore den første staden der moderne menneske flytta ut av Afrika for kring 60 000 år sidan.[3][4] Ein trur at havnivået på denne tida var lågare enn i dag, og at sundet var grunnare eller delvis tørr, slik at folk kunne komme seg over til sørkysten av Asia.

I følgje den etiopiske ortodokse Tewahedo-kyrkja drog semittiske Ge'ez-talande inn i Afrika kring 1900 fvt, omtrent samstundes som den hebraiske patriarken Jakob.[5] Kongedømet Aksum var ei stormakt på Afrikas horn. Dette strekte seg over sundet med erobringa av Himjar, kort tid før islam oppstod.

Storbritannia tok øya Perim i 1799 på vegner av Britisk India. Dei sikra seg øya på nytt i 1857 og reiste eit fyr der i 1861, og brukte det til å kontrollere Raudehavet og handelsruta gjennom Suezkanalen.[1]

Den 22. februar 2008 avdekte eit selskap eigd av Tarek bin Laden planar om byggje ei bru kalla Horn-brua over sundet, og knyte Jemen til Djibouti.[6] Middle East Development LLC har sendt ut ei melding om å byggje brua som kryssar Raudehavet og som i så fall blir den lengste i verda.[7] Prosjektet har blitt tilskrive ingeniørselskapet COWI i samarbeid med arkitektfirmaet Dissing+Weitling, begge frå Danmark. Det er uvisst når brua eventuelt blir bygd og vil stå ferdig.

Underregion[endre | endre wikiteksten]

Bab-el-Mandeb er ein underregion i Den arabiske ligaen, som omfattar Djibouti, Jemen og Somalia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikisource-logo.svg «Bab el-Mandeb». Encyclopædia Britannica (11. utg.). 1911.