Baba O'Riley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baba O'Riley
Singel av The Who
frå albumet Who's Next
B-side My Wife
Utgjeve 23. oktober 1971
Innspelt Mai 1971
Studio Olympic i London[1]
Sjanger Hardrock[2]
Lengd 5:00
Selskap Polydor
Låtskrivar(ar) Pete Townshend
Produsent
The Who-kronologi
«Let's See Action»
(1971)
Baba O'Riley «Behind Blue Eyes»
(1971)


Don't cry
Don't raise your eye
It's only teenage wasteland

Pete Townshend

«Baba O'Riley» er ein song av det engelske rockebandet The Who, skriven av Pete Townshend, frå albumet Who's Next frå 1971. Roger Daltrey syng det meste av songen, medan Pete Townshend syng mellomspelet: «Don't cry/don't raise your eye/it's only teenage wasteland». Tittelen på songen er ein kombinasjon av dei filosofiske og musikalske påverknadane til songen: Meher Baba og Terry Riley.[3]

Songen er kjend for den nyskapande blandinga av hardrock og tidlege elektroniske musikkeksperiment av Townshend, samt for det brakande refrenget med powerakkordrekka F-C-B. Songen har vorte ein stor favoritt på classic rock-stasjonar, samt vore eit fast innslag på konsertane til bandet. Songen er òg nytta som kjenningsmelodi for TV-serien CSI: NY.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Townshend skreiv opphavleg «Baba O'Riley» for rockeoperaen Lifehouse, som var meint som ein oppfølgjar til Tommy, ein rockeopera frå 1969. Townshend skapte songen då han eksperimenterte med eit Lowrey Berkshire-orgel, som bandet så rekonstruerte. «Baba O'Riley» var i Lifehouse meint å skulle syngast av Ray, ein skotsk bonde i starten av albumet, då han, kona Sally og dei to borna deira gjer seg klar for ei reise til London. Då Lifehouse-prosjektet vart forkasta, vart mange av songane spelt inn på ny og gjevne ut på albumet Who's Next. «Baba O'Riley» vart opningssporet på dette albumet. Songen vart gjeven ut som singel i fleire europeiske land, men i USA og Storbritannia var han berre tilgjengeleg på albumet.

Trommeslagaren Keith Moon hadde ein ide om å ha ein fiolinsolo i avslutninga av songen, når songen høyrest ut som ein irsk folkesong. Dave Arbus frå bandet East of Eden, speler fiolin på studioninnspelinga. På konsertar spelte vokalisten Roger Daltrey munnspel i staden for fiolinen.

Det kjende akkompagnementet på songen var ein sentral del av Lifehouse-konseptet. Townshend ønskte å putte data om livet til Meher Baba inn i ein synthesizer, som så ville generere musikk basert på denne informasjonen. Musikken skulle så vere akkompagnement for «Baba O'Riley», men til slutt vart sekvensen spelt av Townshend sjølv på eit Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1-orgel ved å nytte ein repeteringsfunksjon.[4] Denne måten å nytte synthesizerar på var inspirert av arbeidet til minimalistkomponisten Terry Riley. Namna Riley og Meher Baba vart ein del av songtittelen som ei hyllest. Sjølv om dei aldri gjorde det på konsertane sine, tenkte The Who på å ta ein person frå publikum og programmere data omkring livet til personen inn i ein synthesizer, og omforme personen til eit musikalsk tema som songen kunne byggast opp rundt.

«Teenage Wasteland»[endre | endre wikiteksten]

«Baba O'Riley» vert stundom kalla «Teenage Wasteland» etter ei tekstlinje som vert gjenteken gjennom refrenget i songen. «Teenage Wasteland» var faktisk arbeidstittelen på songen i starten av Lifehouse-prosjektet, men vart til slutt tittelen på ein heilt anna song av Townshend, som er treigare og har ein heilt anna tekst. Ei utgåve av «Teenage Wasteland» finst på The Lifehouse Chronicles, ein boks med seks plater med musikk knytt til Lifehouse.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

  • «Baba O'Riley» er plassert på 349. plassen på lista til musikkmagasinet Rolling Stone over dei 500 beste songane gjennom tidene.[5]
  • Songen er ein del av lista til Rock and Roll Hall of Fame over dei 500 songane som forma rock and roll.[6]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1972) Plasseringar
Den nederlandske singellista 11[7]

Salstrofé[endre | endre wikiteksten]

Region Salstrofé Salstal
Storbritannia (BPI)[8] Platina 1 000 000^

*salstala er basert på sertifiseringa aleine
^salstala er basert på sertifiseringa aleine
xuspesifserte tal er baserte på sertifiseringa aleine

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Who's Next 1995 Remastered Liner Notes Page 17
  2. John Atkins (1. februar 2000). The Who on Record: A Critical History, 1963-1998. McFarland. s. 158. ISBN 978-0-7864-4097-9. 
  3. CD-innlegg til The Who: The Ultimate Collection (2002)}}
  4. http://www.thewho.net/whotabs/equip-baba.htm Pete's Equipment, Lowrey Berkshire Deluxe TBO-1
  5. {{cite web| url=http://www.rocklistmusic.co.uk/rstone.html%7C tittel=Rolling Stone | dato = | accessdate = 27. september 2019| work=Rock List Music
  6. «500 Songs That Shaped Rock og Roll» (HTML). Henta 30. juni 2009. 
  7. «Baba O'Riley». ung Medien / hitparade.ch. Henta 22. september 2019. 
  8. «British single salstrofé – The Who – Baba O'Riley». British Phonographic Industry. Henta 5. juli 2018.  Enter Baba O'Riley in the field Search. Select Title in the field Search by. Select single in the field By Format. Click Go