Babadağ-fjellet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Babadağ
fjell
Land  Tyrkia
Høgd 1 969 moh.
Primærfaktor 1 763 m
Koordinatar 36°31′42″N 29°11′06″E / 36.52833°N 29.18500°E / 36.52833; 29.18500
Kart
Babadağ-fjellet
36°31′49″N 29°10′51″E / 36.53032°N 29.18093°E / 36.53032; 29.18093
Wikimedia Commons: Babadağ (mountain in Turkey)

Babadağ (i antikken: Cragus) er eit fjell nær Fethiye i provinsen Muğla, sørvest i Tyrkia.

Fjellet har ei høgd på 1969 meter over havet og har ein mindre topp kalla Karatepe på 1400 meter over havet. Desse to toppane vender mot kvarandre med ein flaumdal mellom, noko som har gjort at dei to toppane har vorte kalla ei fjellkjede i somme kjelder. Fjellet består hovudsakleg av kalkstein. Dei er kjend for det rike plantelivet, inkludert den endemiske Acer undulatum, og skogar av Libanonseder.

Toppen ligg òg nær sjøen (mindre enn 5 km) og dette er ein av faktorane som gjer at det er populært for paragliding.

Historie[endre | endre wikiteksten]

I antikken vart fjellet kalla Cragus og var eit viktig fjell i Lykia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]