Babafjella

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Babafjella
fjell
Black Hawk flying over a valley in Bamyan.jpg
Land Flag of Afghanistan.svg Afghanistan

Babafjella
34°38′43″ N 67°37′27″ E
Wikimedia Commons: Koh-i-Baba

Baba-fjella (pasjto بابا غر Bâbâ Ǧar, farsi کوه بابا Koh-e Bâbâ) er ei fjellkjede i Afghanistan som er ei vestleg forlenging av Hindukush. Kjeda er rundt 6 mil lang. Den høgaste fjelltoppen i kjeda, Shah Fuladi, er 5143 moh. og ligg like sør for Bamiyan.[1]

Babafjella dannar eit vasskilje og er opphavet til alle dei større elvesystema i Afghanistan: Kunduz-Amu-Darja i nord, Harirud i nordvest og Helmand i sør.[1]

Shibarpasset på rundt 3 000 moh. skil Babafjella frå resten av Hindukush, og er éin veg mellom Kabul og Bamiyan.[2] Hajigakpasset på rundt 3 500 moh. er kortare, men mindre farbar, og del av hovudvegen mellom byane.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Баба (горный хребет)) i Store sovjetiske leksikon ( Большая советская энциклопедия, БСЭ/ Bolsjaja sovjetskaja enziklopedija/BSE), 3. utgåve 1969–1978 (russisk)
  2. Bob McKerrow, «A full description of the Mountain Ranges of Afghanistan», Mountains of our Minds (November 15, 2008)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Babafjella
  • Koh i Baba Mountains, Imperial gazetteer of India: provincial series, Volume 1 Supt. of Govt. Print., 1908

Koordinatar: 34°38′1″ N 67°49′8″ E