Baby I Need Your Loving

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baby I Need Your Loving
Singel av Four Tops
frå albumet Four Tops
B-side «Call on Me»
Utgjeve 10. juli 1964
Innspelt Hitsville U.S.A. (Studio A); 8. juli 1964
Sjanger Soul/pop
Lengd 2:45
Selskap Motown
M 1062
Låtskrivar(ar) Holland–Dozier–Holland
Produsent Brian Holland
Lamont Dozier
Four Tops-kronologi
«Pennies From Heaven»
(1962)
Baby I Need Your Loving «Without the One You Love (Life's Not Worth While)»
(1964)


«Baby I Need Your Loving» er ein song frå 1964 spelt inn av Four Tops for Motown. Songen er skriven og produsert av det vanlege produksjonsteamet ved Motown, Holland–Dozier–Holland,[1] g songen vart den første singelen til gruppa for Motown og den første som nådde Topp 20 i USA, med ein 11. plass på Billboard Hot 100 hausten 1964. Han var òg den første singelen deira som selde ein million eksemplar.

Den britiske gruppa The Fourmost gav ut sin versjon av songen same året, og denne nådde 24. plassen i november 1964. The Supremes spelte inn songen i 1966 på albumet The Supremes A' Go Go. Songen vart spelt inn av Johnny Rivers i 1967. Versjonen hans, kalla «Baby I Need Your Lovin'», vart gjeven ut som singel, og nådde tredjeplassen på Billboard-lista. Han vart òg framført som ein duett av Marvin Gaye og Tammi Terrell i 1969 på albumet Easy. O.C. Smith spelte inn songen og nådde 52. plassen på singellista i 1970, og Eric Carmen spelte inn songen i 1979, og nådde då 62. plassen på lista. Sandie Shaw har òg spelt inn ein versjon av songen, og det same gjorde Carl Carlton (1982), Gene Pitney og den britiske popgruppa Dreamhouse (1998). I 2000 spelte Westlife songen som ein del av ein medley.

Rolling Stone rangerte originalversjonen til The Four Tops på 400. plass på lista si over dei 500 beste songane gjennom tidene.[2]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]