Baby What You Want Me to Do

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Baby What You Want Me to Do
Singel av Jimmy Reed
B-side

«Caress Me, Baby»

Språk engelsk
Utgjeve November 1959
Innspelt Chicago, 7. august 1959
Sjanger Blues
Lengd 2:22
Selskap Vee-Jay Records (no. 333)
Komponist Jimmy Reed
Tekstforfattar Jimmy Reed
Låtskrivar(ar) Jimmy Reed
Jimmy Reed-kronologi 
«I Want to Be Loved»/ «Going to New York»
(1959)
Baby What You Want Me to Do «Found Love»/ «Where Can You Be»
(1960)


«Baby What You Want Me to Do» (stundom kalla «You Got Me Running» eller «You Got Me Runnin'») er ein bluessong skriven og spelt inn av Jimmy Reed i 1959. Han vart ein hit for Reed og som fleire andre av songane hans, appellerte han innan fleire musikksjangrar, og songen er blitt spelt inn i mange stilar av andre artistar.

Komposisjon og innspeling[endre | endre wikiteksten]

«Baby What You Want Me to Do» er ein mellomrask blues-shuffle i E-dur[1] med «Reed sin unike, tilbakelente vokalstil, gitar og munnspel.»[2] I eit intervju i 1959 med Billboard vart han kalla «uhemma og seig ... fritt levert i ein klassisk, rusten jazz-stil.»[3] Musikkjournalisten Cub Koda skildra songen som «misleiande enkel» og ein av «ein av dei verkeleg ureduserbare bluessongane, ein song så enkel at han verka å ha eksistert for alltid.»[4] Men i motsetnad til ein typisk 12-taktsblues, innehld han akkordsubstitusjon i takt ni og ti:[1]

I I I I IV IV I I II–V II–V I I–V

Reed vart akkompagnert av kona si Mary «Mama» Reed på harmonivokal, Eddie Taylor og Lefty Bates på gitar, Marcus Johnson på bass og Earl Phillips på trommer.

Jimmy Reed vart oppført som einaste låtskrivar på songen, men blueshistorikaren Gerard Herzhaft peikar på at «som nesten alle songane til Reed og uansett kven som offisielt er låtskrivar, er originalen skriven av kona, Mama Reed.»[5]

Lister og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

«Baby What You Want Me to Do» nådde tiandeplassen på Billboard R&B-lista og 37. plassen på Billboard Hot 100 i 1960.[6] I 2004 vart Reed innlemma i Blues Foundation Hall of Fame i kategorien «klassiske bluesinnspelingar».[2]

Innspelingar av andre artistar[endre | endre wikiteksten]

I følgje Koda var «Baby What You Want Me to Do» «ein song som var fast på repertoaret til blues, country og rock and roll-band tidleg i 1960-åra»[4] og fleire av desse artistane har spelt inn sine versjonar av songen. Songen er kanskje den mest innspelte Reed-songane. Somme av desse er:[7]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Romano, Will (2006). Big Boss Man: The Life and Music of Bluesman Jimmy Reed. San Francisco: Backbeat Books. s. 113. ISBN 978-0-87930-878-0. 
  2. 2,0 2,1 Blues Foundation (2004). «2004 Hall of Fame Inductees: Baby What You Want Me To Do – Jimmy Reed (Vee-Jay, 1959)». The Blues Foundation. Arkivert frå originalen 18. desember 2015. Henta 16. desember 2016. 
  3. «Jimmy Reed – song review». Billboard (Nielsen Business Media): 43. November 16, 1959. ISSN 0006-2510. 
  4. 4,0 4,1 Koda, Cub. «Baby What You Want Me to Do – Song Review». AllMusic. Henta 16. desember 2016. 
  5. Herzhaft, Gerard (1992). «Baby What You Want Me to Do». Encyclopedia of the Blues. Fayetteville, Arkansas: University of Arkansas Press. s. 437. ISBN 1-55728-252-8. 
  6. Whitburn, Joel (1988). Top R&B Singles 1942–1988. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research. s. 346. ISBN 0-89820-068-7. 
  7. «Song Search Results for Baby What You Want Me to Do». AllMusic. Henta 16. desember 2016. 
  8. «Brainbox (3) - Brainbox». Discogs.com. Henta 31. august 2015. 
  9. Unterberger, Richie. «Jerry Lee Lewis: The Session – Review». AllMusic. Henta 31. august 2015. 
  10. «Eli Cook». Puremusic.com. Henta 4. januar 2016. 
  11. Kelly, Brendan (May 11, 2015). «Quebec's love affair with Yoan deepens». Montrealgazette.com. Henta 31. august 2015.