Bac Mòr

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bac Mòr
Geografi
Bac Mòr is located in
Stad Atlanterhavet
Koordinatar 56°27′37″ N 6°28′31″ WKoordinatar: 56°27′37″ N 6°28′31″ W
Øygruppe Treshnish Isles i Indre Hebridane

Høgaste punkt Dutchman's Cap (86 moh.)

Administrasjon
Land Skottland
Region Argyll and Bute

Demografi
Folketal 0

Bac Mòr er ei øy i Treshnish Isles i Indre Hebridane i Skottland. Ho vert stundom kalla The Dutchman's Hat eller Cap på engelsk, på grunn av forma på øya.

Dutchman's Cap på Bac Mòr.

Det gæliske namnet har fleire mogelege tydingar. Mòr tyder stod, medan Bac kan tyde «breidde» eller ei «hindring».

Bac Beag og Bac Mòr i horisonten.

Bac Mòr har vulkansk opphav og toppen i midtne er ei tidlegare vulkankjegle. Den lågtliggande sletta rundt toppen er ei glasaktig lavaslette. Trass i at det ikkje finst trygge landgangsplassar på øya, er det restar av sommarfjøs her.

Treshnish Isles er ikkje busette og er eigde av The Hebridean Trust. Dei har status som Site of Special Scientific Interest (stad av særskild vitskapleg interesse) og Special Protection Area (særskild verneområde) på grunn av sjøfuglane som hekkar her.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]