Back in the U.S.A.

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Back in the U.S.A.
Singel av Chuck Berry
B-side

Memphis, Tennessee

Språk engelsk
Utgjeve Juni 1959
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:27
Selskap Chess 1729
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Chuck Berry-kronologi 
Almost Grown
(1959)
Back in the U.S.A. Broken Arrow
(1959)


«Back in the U.S.A.» er ein song av Chuck Berry, gjeven ut i 1959 og vart då ein hit. Ein coverversjon i 1978 av Linda Ronstadt vart òg ein hit. .

Chuck Berry-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Chuck Berry gav først ut songen på Chess Records i 1959 som singel. Singelen nådde 37. plassen på Billboard Hot 100. Han nådde òg 16. plassen på R&B-lista. Songen kom seinare ut på Berry-albumet More Chuck Berry i 1962. Teksten vart visstnok skriven etter at Berry kom attende til USA etter ei reise til Australia og sett levevilkåra til aboriginane.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Songen vart spelt inn 17. februar 1959, i Chicago.

Etta James og The Marquees, med ein ung Marvin Gaye, syng korvokal på innspelinga, som vart produsert av Leonard og Phil Chess.[1]

Linda Ronstadt-versjonen[endre | endre wikiteksten]

Back in the USA
Singel av Linda Ronstadt
frå albumet Living in the USA
B-side

White Rhythm & Blues

Språk engelsk
Utgjeve 1. august 1978
Sjanger Rock
Lengd 3:02
Selskap Asylum
Komponist Chuck Berry
Tekstforfattar Chuck Berry
Låtskrivar(ar) Chuck Berry
Produsent Peter Asher
Linda Ronstadt-kronologi 
«Tumbling Dice»
(1978)
Back in the USA «Ooh Baby Baby»
(1978)


Ronstadt hadde høyrd Berry-originalen då ho vart køyrd kring Los Angeles av Eagles-medlemmet Glenn Frey, som ein gong hadde spelt i bandet hennar. Songen var på ein kassett som Frey hadde teke opp sjølv.[2]

Singelen til Ronstadt nådde 11. plassen på Cash Box-lista og 16. plassen på Billboard Hot 100-lista. 16. oktober 1987 gjekk Ronstadt på scenen med Chuck Berry i Fox Theater i St Louis som ein del av 60-årsfeiringa til Berry. Trass i at songen var øvd inn i C, la Berry han om til G, ein mykje høgare toneart, utan at Ronstadt var klar over det. I følgje produsenten Slocombe var «Linda Ronstadt så profesjonell. Du kan ikkje høyre at ho slit. Men ho vart så forbanna at ho gjekk rett av scenen etter songen og køyrde heim og kom ikkje attende for den andre konserten. Ronstadt/Berry-framføringa av «Back in the U.S.A.» vart filma og gjeven ut i 1987 som filmen Hail! Hail! Rock 'n' Roll.[3]

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Salslister[endre | endre wikiteksten]

Vekeslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Australia KMR[4] 18
Canada RPM Top Singles[5] 8
Canada RPM Country 43
New Zealand 24
Sør-Afrika (Springbok Radio SA Top 20)[6] 11
US Billboard Hot 100[7] 16
US Billboard Adult Contemporary 30
US Billboard Country 41
US Cash Box Top 100[8] 11

Årslister[endre | endre wikiteksten]

Liste (1978) Plassering
Canada RPM Top Singles[9] 83
US (Joel Whitburn's Pop Annual)[10] 113
US Cash Box[11] 88

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Berry, Chuck, Chuck Berry: The Anthology, CD, 088 1120304-2, MCA Records, Chess, 2000, liner notes
  2. Eliot, Marc (2005). To the Limit: the untold story of the Eagles (1st DaCapo Press utg.). Cambridge MA: DaCapo Press. s. 177–178. ISBN 0-306-81398-X. 
  3. Pegg, Bruce (2002). Brown Eyed Handsome Man:the life and hard times of Chuck Berry. NYC: Routledge. s. 221. ISBN 0-415-93748-5. 
  4. «Forum - 1970 (ARIA Charts: Special Occasion Charts)». Australian-charts.com. Arkivert frå originalen 5. desember 2020. Henta 26. desember 2016. 
  5. «Item Display - RPM - Library and Archives Canada». 30. mars 2012. Henta 26. januar 2017. 
  6. «South African Rock Lists Website - SA Charts 1965 - 1989 Songs (A-B)». 
  7. Joel Whitburn's Top Pop Singles 1955-1990 - ISBN 0-89820-089-X
  8. «Cash Box Top 100 Singles, 28. oktober 1978». Arkivert frå originalen 29. september 2018. Henta 18. mars 2017. 
  9. Bac-lac.gc.ca
  10. Whitburn, Joel (1999). Pop Annual. Menomonee Falls, Wisconsin: Record Research Inc. ISBN 0-89820-142-X. 
  11. «Cash Box Year-End Charts: Top 100 Pop Singles, 30. desember 1978». Arkivert frå originalen 29. september 2018. Henta 18. mars 2017. 
  12. Miles, Barry, Paul McCartney:Many Years From Now, Henry Holt and Company, New York,1997 p. 422
  13. Gene Summers «Live» In Scandinavia LP Sunrock Records #SRLP 841, 1983, Sweden. «Back In The USA» concert's opening track.