Hopp til innhald

Bad Aibling

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bad Aibling
by
Våpenskjold
Land  Tyskland
Stat Bayern
Del av Stimmkreis Rosenheim-West
Areal 41,4 km²
Folketal 19 613 (31. desember 2022)
Kart
Bad Aibling
47°51′50″N 12°00′36″E / 47.863888888889°N 12.01°E / 47.863888888889; 12.01
Wikimedia Commons: Bad Aibling

Bad Aibling (bairisk Oabling) er ein by og ein kommune søraust i forbundslandet Bayern i Tyskland. Kommunen har nærare 20 000 ibuarar og eit areal på 41,4 km². Byen ligg 492 meter over havet i Landkreis Rosenheim, ei 10 kilometer vest for byen Rosenheim og om lag 50 km søraust for München. Byen er særleg kjent for sine gytjebad.

I 1945 vart den største krigsfange-leiren i Sør-Tyskland oppretta i utkanten av byen. Opptil 100 000 fangar sat internert samtidig.

Den nazi-tyske hærføraren Eduard Dietl var frå Bad Aibling.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]
Commons har multimedium som gjeld: Bad Aibling