Bad Goisern

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bad Goisern-Dachstein.JPG

Bad Goisern am Hallstättersee er ein kommune (Marktgemeinde) i Distriktet Gmunden i forbundslandet Oberösterreich i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 112,3 km² og i kring 7 500 ibuarar. Landsbyen Bad Goisern, som ligg 500 meter over havet, hyser om lag 2 000 ibuarar.

Kommunen omfattar landsbyen Bad Goisern og 30 mindre og små landsbyar og grender. Folkesetnaden er spreidd langs ei dalslette frå nordenden av Hallstatt-vatnet. 67% av landarealet er dekt med skog, 12% vert nytta til landbruk.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]