Bad Hofgastein

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bad-Hofgastein

Bad Hofgastein er ein kommune i Distriktet St. Johann im Pongau i Forbundslandet Salzburg i Austerrike. Kommunen har ei flatevidd på 103,7 km² og i kring 6 900 ibuarar.

Landsbyen Bad Hofgastein ligg i Gasteindalen, 859 meter over havet. Omframt landsbyen omfattar kommunen ti grender.

Kur- og vinterturisme er dominerande næringsvegar i kommunen. Elles er jordbruk framleis ei viktig næring.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]