Badderfjorden

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 69°51′12.035″N 21°58′19.092″E Badderfjorden (samisk Báttárvuotna) er ein fjordarm av Kvænangen i Kvænangen kommune i Troms. Fjorden strekkjer seg 5 km austover til grenda Badderen, som fjorden er kalla opp etter, i botn av fjorden.

Fjorden har innløp mellom Steinnes i nord og Nordnes i sør. Andre grender langs fjorden er Undereidet på nordsida og Sekkemo på sørsida. Vest for Nordnes ligg Storstraumen like ved Sørstraumen der E6 kryssar Kvænangen. E6 held fram vidare langs sørsida og austsida av fjorden.