Badestamp

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Finsk badestamp, montert på ein tilhengar.

Badestamp er ein stamp som vert nytta for å lauga seg, slappa av og ha sosialt samvær.

Tidlegare var badestampen eit kar ein fylte med oppvarma vatn for hand og gjerne berre bada i ved særskilde høve, som til jul.[1] Slike stampar var flyttbare og kunne ha ulike bruksområde. På gardar kunne ein til dømes ta stampen ein elles vaska sauar i og bada heile hushaldet der etter tur.[1] Badestampar kunne brukast ulike stader, til dømes i eldhus, på kjøken eller soverom.[2][3]

Moderne badestampar blir som regel fylte med oppvarma vatn automatisk. Ein kan bruka innlagt vatn, fylla stampen ved hjelp av ein hageslange, eller pumpa inn vatn frå ei vasskjelde som sjøen. Vatnet vert ofte varma opp med vedfyring.

Badestampar i dag kan lagast av tre og/eller glasfiber.[4][5] Dei er gjerne laga som eit lite basseng. Stampane er ofte store og rommelege med plass til fleire personar.[6]

Dei blir som regel monterte på ein fast stad,[7] men det finst også døme på at ein set opp stampar på ein hengjar og dermed kan flytta dei rundt.[8]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 Heidi Fagna; Åge Andre Breivik (09.12.2010), «- Folk og fe bada i same stamp», NRK Møre og Romsdal (NRK.no), https://www.nrk.no/mr/--folk-og-fe-bada-i-same-stamp-1.7416785 
  2. Halvdan Koht (1968), Minne frå unge år, https://books.google.co.uk/books?id=tKINAQAAIAAJ, «Enda kjøkkenet slett ikkje var stort, vart det enda rom til å setta inn ein badestamp framføre komfyren, der badevatnet vart varma opp når vi skulle ha bad.» 
  3. Elisabeth Christie (1968), Prestegårdsliv: Minner fra norske prestegårder, 3, https://books.google.co.uk/books?id=pcY9AAAAIAAJ, «Jeg tror knapt vi sov særlig mye, men vi var da av veien for de voksne en liten tid inntil Gaga ved firetiden kom inn på barneværelset medbringende en stor badestamp. Det var datidens form for badeinnretning på en prestegård.» 
  4. INSTALLASJONS- OG BRUKSVEILEDNING FOR VELSVIKSTAMPEN®, http://www.velsvikstampen.no/c-119-Installasjon-og-bruk.aspx, henta 10. september 2017 
  5. Skargards Panel - Vedfyrt Badestamp - Skargards Badestamp, https://www.skargards.no/badestamp/panel/, henta 10. september 2017 
  6. Anette Cvijanovic (23. mai 2009), «Slik får du bad og kos hele året», Dinside.no, https://www.dinside.no/bolig/slik-far-du-bad-og-kos-hele-aret/61974380 
  7. Skargards Terrasse - Badestamp for innbygging - Skargards Badestamp, https://www.skargards.no/badestamp/terrasse/, henta 10. september 2017 
  8. «Badestamp på hjul», NRK Rogaland (NRK.no), 03.06.2002, https://www.nrk.no/rogaland/badestamp-pa-hjul-1.222049