Badfinger av Badfinger

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Badfinger
Studioalbum av Badfinger
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1974
Innspelt 21. juni–21. november 1973
Studio Olympic Studios og AIR Studios i London
Sjanger Power pop
Lengd 40:05
Selskap Warner Bros.
BS 2762
Produsent Chris Thomas
Badfinger-kronologi 
Ass
(1973)
Badfinger Wish You Were Here
(1974)


Singlar frå Badfinger
  1. «Love Is Easy»
    Utgjeve: 1974
  2. «I Miss You»
    Utgjeve: Februar 1974
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic3/5 stars[1]
Encyclopedia of Popular Music3/5 stars[2]

Badfinger er det femte albumet til det britiske rockebandet Badfinger. Albumet vart spelt inn hausten 1973 og gjeve ut i 1974 på Warner Bros. Records. Det var det første av to album av bandet på Warner. Plateomslaget syner ei kvinne i rideklede og hatt frå 1920-åra som røykjer ein sigarett i ein sigaretthaldar.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Då Badfinger gjorde ferdig det siste albumet sitt for Apple Records, Ass, fekk manageren deira, Stan Polley, dei ein treårskontrakt for seks album på Warner Bros. Records. Som følgje av dette var dei derfor attende i studio for å lage eit nytt album for Warner, så snart bandet og produsenten Chris Thomas var ferdig med Ass.

Utgjeving og mottaking[endre | endre wikiteksten]

Det originale albumet var planlagt for utgjeving 28. desember 1973, men vart forseinka på grunn av Ass som kom ut den månaden.[3] Sjølv om albumet teknisk sett ikkje har tittel, vert det kalla Badfinger for å identifisere det utafor katalognummeret. Den planlagde tittelen var For Love or Money, men vart avvist av selskapet og aldri brukt. Den planlagde tittelen refererer til at Badfinger byta selskap frå Apple til Warner Bros.

Badfinger kom ut, fekk det negativ kritikk i magasinet Rolling Stone. Ein britisk singel kom ut etter albumet, «Love Is Easy», men gjekk ikkje inn på salslista. Ein singel til vart gjeven ut i USA, «I Miss You», men denne selde òg dårleg.

I USA nådde albumet 161. plassen på Billboard Top 200 LP's & Tape-lista, den lågaste plasseringa til eit Badfinger-album der. Ein del av årsaka til det dårlege salet var ein rettstvist med Apple, og dette albumet og Ass kom ut berre få månader etter kvarandre og i Storbritannia kom Badfinger faktisk ut før Ass.

Albumet kom ut på CD i 1990-åra i berre Japan og Tyskland. Albumet vart omsider gjeve ut på CD i USA i 2007. Mange av songane på albumet har sidan blitt gjevne ut på forskjellige Badfinger-samlingar.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
1.«I Miss You»Ham2:36
2.«Shine On»Ham, Evans2:52
3.«Love Is Easy»Molland3:08
4.«Song for a Lost Friend»Ham2:52
5.«Why Don't We Talk?»Evans3:45
6.«Island»Molland3:40
Side to
Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
7.«Matted Spam»Ham3:09
8.«Where Do We Go from Here?»Evans3:25
9.«My Heart Goes Out»Gibbins3:16
10.«Lonely You»Ham3:48
11.«Give It Up»Molland4:34
12.«Andy Norris»Joey og Cathy Molland2:59

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Badfinger av BadfingerAllmusic
  2. Larkin, Colin (2006). The Encyclopedia of Popular Music (4th edn), Volume 1. New York, NY: Oxford University Press. s. 358. ISBN 0-19-531373-9. 
  3. Matovina, Dan (2000). Without You: The Tragic Story of Badfinger (Pbk. 2nd utg.). San Mateo, Calif.: Frances Glover Books. s. 233. ISBN 9780965712224.