Badsjahimoskeen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Badsjahi-moskeen)
Jump to navigation Jump to search
Badshahimoskeen

Badsjahimoskeen (panjabi og urdu بادشاەى مسجد, Badshahi Masjid, 'Keisarmoskeen”) er ein moské frå mogultida i Lahore i Pakistan.[1] Moskeen blei bygd under stormogul Aurangzeb frå 1671 til 1673. Han ligg vest for Lahore festning, i utkanten av gamlebyen i Lahore.[2] Han er eit viktig landemerke i byen.[3]

Moskeen er bygd i utskoren raud sandstein med inkrustering av marmor. Han er eit viktig døme på mogularkitektur, og er ein av dei største frå perioden. Han er framleis den andre største moskeen i Pakistan.[4] Etter at Lahore blei teken av Sikh-riket og seinare britane, blei moskeen brukt som militær garnison.[5] Frå 1850-talet blei han tilbakeført til religiøs bruk.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne arkitekturartikkelen som har med islam å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 31°35′16.74″N 74°18′33.67″E