Badsjahimoskeen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Badshahimoskeen

Badsjahimoskeen (panjabi og urdu بادشاەى مسجد, Badshahi Masjid, 'Keisarmoskeen”) er ein moské frå mogultida i Lahore i Pakistan.[1] Moskeen blei bygd under stormogul Aurangzeb frå 1671 til 1673. Han ligg vest for Lahore festning, i utkanten av gamlebyen i Lahore.[2] Han er eit viktig landemerke i byen.[3]

Moskeen er bygd i utskoren raud sandstein med inkrustering av marmor. Han er eit viktig døme på mogularkitektur, og er ein av dei største frå perioden. Han er framleis den andre største moskeen i Pakistan.[4] Etter at Lahore blei teken av Sikh-riket og seinare britane, blei moskeen brukt som militær garnison.[5] Frå 1850-talet blei han tilbakeført til religiøs bruk.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Lahore's iconic mosque stood witness to two historic moments where tolerance gave way to brutality». 
  2. «Badshahi Mosque». Ualberta.ca. Arkivert frå originalen 2014-12-03. Henta 2. januar 2014. 
  3. «Holiday tourism: Hundreds throng Lahore Fort, Badshahi Masjid - The Express Tribune» (på engelsk). 9. oktober 2014. Henta 10. september 2016. 
  4. Meri, Joseph (31. oktober 2005). Medieval Islamic Civilization: An Encyclopedia. Routledge. s. 91. 
  5. Sidhwa, Bapsi (1 January 2005). «City of Sin and Splendour: Writings on Lahore». Penguin Books India. Henta 10 December 2016 – via Google Books. 
  6. Amin, Agha Humayun. «Political and Military Situation from 1839 to 1857». Arkivert frå originalen 2017-09-10. Henta 24. august 2016. 
Spire Denne arkitekturartikkelen som har med islam å gjere, er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Koordinatar: 31°35′16.74″N 74°18′33.67″E