Baffinøya
Baffinøya (engelsk: Baffin Island) er ei av dei arktiske øyane i det nordlege Canada i territoriet Nunavut. Det er største øya i Canada, og den femte største øya i verda, med eit areal på 507 451 km². Øya har ein folkesetnad på 11 000 (2004), og er kalla opp etter den engelske oppdagaren William Baffin. Vikingane kalla øya for Helluland, oppdaga av Leiv Eriksson.
Geografi[endre | endre wikiteksten]
Øya er dekt av fjell og den høgaste toppen er Mount Blanche på 2 146 meter over havet. Ein annan og særprega fjelltopp er Mount Asgard på 2 011 moh. Iqaluit, som fram til 1987 heitte Frobisher Bay, er hovudstaden i Nunavut og ligg på sørkysten av øya.
Sør for øya ligg Hudsonsundet og Quebec på fastlandet. I aust ligg Davissundet og Baffinbukta og bortanfor der igjen ligg Grønland. I vest og i nord, Foxesjøen, Boothiabukta og Lancastersundet som skil Baffinøya frå resten av øyriket.
Tettstader[endre | endre wikiteksten]
Største tettstader (2001):
- Iqaluit (5 236)
- Pangnirtung (1 243)
- Pond Inlet (1 220)
- Clyde River (785)
- Arctic Bay (646)
- Kimmirut (433)