Baga i Nigeria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baga
by
Fragment wioski - Baga - 001283s.jpg
Stråhytter i Baga i 1977.
Land Flag of Nigeria.svg Nigeria
Stat Borno
Wikimedia Commons: Baga, Nigeria

Baga er ein by i Borno-staten i Nordaust-Nigeria. Baga ligg ved Tsjadsjøen, og hadde ved inngangen av 2015 ca. 10 000 innbyggjarar.[1] Staden ligg nordaust for den historiske byen Kukawa og rundt 196 km frå Maiduguri, delstatshovudstaden i Borno.[2]

Baga ligg på ei halvøy i Tsjadsjøen på dette kartet frå 1973.

Baga var tidlegare ein fiskarlandsby som låg like ved Tsjadsjøen. I 1960- og 1970-åra låg han like ved sjøen, men ettersom Tsjadsjøen har krympa har fiskarane måtta flytta. I 2000 blei Doron Baga-fiskemarknaden halden rundt 6 km frå byen.[2] Innbyggjarar som ikkje har flytta har i staden gått over til å driva med landbruk.[3][4][5]

Terroriståtak[endre | endre wikiteksten]

I april 2013 blei over 185 menneske drepne og over 2000 heimar øydelagde i Baga gjennom kampar mellom den nigerianske hæren og islamistgruppa Boko Haram.[6]

I januar 2015 blei staden nok eingong angripen av Boko Haram. Militærbasen ved landsbyen blei teken, husa i landsbyen blei brende og innbyggjarane blei drepne. Flyktningar rapporterte om 2000 døde.[7] Innbyggjarane i Baga flykta til trygge stader i Borno og til nabolandet Tsjad.[8]

Satellittbilde frå 2. og 7. januar blei gjevne ut av Amnesty International og viste at rundt 620 bygningar var blitt skadde eller øydelagde av brann. I Doron Baga (eller Doro Gowon), rundt 2,5 km unna, var fiskebåtane forsvunne og «meir enn 3 100 strukturar var skadde eller øydelagde av brann.»[9]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Boko Haram crisis: Nigeria's Baga town hit by new assault», BBC News, 8 January 2015 
  2. 2,0 2,1 Mukhtar, Yakubu and Waziri A. Gazali. «The Dynamics of Fish Trade in North-East Nigeria: A Case Study of Doron Baga», Berichte des Sonderforschungsbereichs 268, Band 14, Frankfurt a.M. 2000: 83-91
  3. Idris, Hamza et al. (30 June 2012) «Nigeria: Northern Communities Losing Territory to Desert», Daily Trust (AllAfrica.com)
  4. Bomford, Andrew (14 April 2006). «Slow death of Africa's Lake Chad», BBC News («Just 30 years ago, water covered the whole area. Baga was a waterfront town. Now it is stranded many miles from the lake as the land around it becomes desert.»)
  5. Murray, Senan (15 January 2007). «Lake Chad fisherman pack up their nets», BBC News
  6. «Nigeria fighting 'kills scores' in Baga», BBC News, 22 April 2013, henta 10. januar 2015 
  7. «Boko Haram massacre thousands, says Amnesty International», Sydney Morning Herald, 10. januar 2015, henta 11 January 2015 ; Nigeria: Massacre possibly deadliest in Boko Haram’s history, Amnesty International, 9. januar 2015, henta 11. januar 2015 
  8. «Boko Haram seizes army base in Nigeria town of Baga». BBC News. 4 January 2015. 
  9. Amnesty International. «Nigeria: Satellite Images Show Horrific Scale of Boko Haram Attack On Baga». allAfrica.com, January 15, 2015