Bagett
Hopp til navigering
Hopp til søk
Ein bagett (frå fransk baguette 'liten pinne') eller parisarloff, er eit slag lyst brød som skil seg ut med ei sprø skorpe med skard i og ei stor lengd jamført med breidda. Tverrmålet på ein vanleg bagett er fem-seks centimeter, og lengda er opptil ein meter. Den tradisjonelle franske bagetten er laga av kveitemjøl, vatn, gjær, salt og inneheld ingen tilsetjingsstoff.
Stutte bagettar blir ofte bruka som sandwichar.