Baglarane

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Her på Galgeberg i Oslo var de kamp mellom baglarar og birkebeinarar på 1200-talet.

Baglarane var ei kyrkjeleg gruppe som kjempa mot Sverre og birkebeinarane i borgarkrigstida i Noreg. Namnet kjem av norrønt språk bagall, som tyder bispestav. Baglarane vart stifta i 1196 av biskop Nikolas Arnesson i Oslo og erkebiskop Eirik av Nidaros. I hovudsak var det vikværingar som vart med. Baglarane vart slegne av kong Sverre. Etter at han døydde vart det inngått eit forlik med kongemakta. I denne tida hadde baglarane base på Helgøya i Mjøsa. Baglarane underordna seg heilt under birkebeinarane frå 1217. Rolla til baglarane vart overteke av ribbungane. Baglarane er den mest kjende gruppa av dei som kjempa mot birkebeinarane.

Andre grupper som kjempa mot birkebeinarane[endre | endre wikiteksten]

Vidgjetne baglarar[endre | endre wikiteksten]

Litteratur[endre | endre wikiteksten]