Bai Bang Paper Company

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Bai Bang Paper Company er ein stor papirfabrikk i Bai Bang, ca. 100 km nordvest for Hanoi i Vietnam. Papirfabrikken var eit utviklingsprosjekt frå den svenske bistandsorganisasjonen Sida. Det var i mange år svært kontroversielt, både grunna kostnadsoverskridelser og på grunn av påstandar om tvangsarbeid.

Prosjektet vart initiert i 1969 og bygginga starta i 1974, berekna kostnad var 770 millionar svenske kroner. Papirfabrikken var ikkje ferdig før i 1982, og først i 1996 nådde han full kapasitet. Prisen hadde då auka til 2,8 milliardar svenske kroner.

I dag er likevel fabrikken i full drift og leverer 40 % av alt skrivepapir i Vietnam og er ein av dei større produsentane av toalettpapir i landet. I 2006 vart det produsert om lag 100 000 tonn papir, nesten dobbelt så mykje som planlagt (55 000 tonn). Rundt 2 000 personar arbeider på papirfabrikken, og rundt han har det vakse opp eit samfunn med 20 000 innbyggjarar. Bai Bang ligg 10 mil søraust for Han Yen, som er distriktssenter for området fabrikken ligg i.

I 2005 vart det annonsert planar for store utvidingar av fabrikken, med totale investeringar rekna til 407 millionar US-dollar som skulle føra til ein årsproduksjon på 250 000 tonn papirmasse og 150 000 tonn papir.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]