Bai Juyi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Portrett av Bai Juyi frå Ming-tida av Chen Hongshou.

Bai Juyi (kinesisk skrift 白居易, pinyin Bái Jūyì; fødd 772 i Xinzheng i Henan, død 846 i Luoyang i Henan) var ein kinesisk diktar og embetsmann. Saman med diktarar som Li Bai og Du Fu vert han rekna som ein av dei største kinesiske poetane i Tang-dynastiet. Namnet hans kan òg skrivast som Pai Chü-i, Po Chü-i (Wade-Giles), Bo Juyi eller Xiangshan Jushi. Stilnamnet (zi) hans er Letian.[1] Mange av dikta til Bai Juyi tek for seg sosiale og politiske problem, og kritiserer indirekte det rådande regimet i samtida.[2] I den seinare delen av livet levde han i åtskild einsemd langt borte frå den politiske hovudscena, og i denne fasen vert eit chan-buddhistisk og daoistisk syn på tilværet meir dominerande i diktinga hans.[3]

Bai Juyi har ein stor produksjon på om lag 2800 dikt (meir enn nokon annan poet før han)[4] og allereie i si eiga levetid vart han ein høgvyrda poet ikkje berre i Kina, men òg i Japan, der poesien hans vart rekna som eit førebilete i mange hundreår frametter.[5]

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Bai Juyi vart fødd inn i ein familie som høyrde til på den lægre enden av byråkratistanden i det dåverande Kina. Som ung levde Bai eit rotlaust liv i fattigdom, og vart oppseda av nære slektningar heller enn av sine eigne foreldre. Dei fyrste åra budde han ymse stader i Nord-Kina, før han kom til Søraust-Kina i tolv-trettenårsalderen som flyktning frå tørke, pest og den uroa som enno rådde i Tang-dynastiet i kjølvatnet av den store An Lushan-oppreisten i 755. Med oppreisten missa 36 av 53 millionar innbyggjarar i Kina livet, sentralmakta vart svekka av fraksjonalisme og palassintrigar, og mange område av landet vart i røynda styrt som semi-autonome regionar av krigsherrar utan lojalitet mot keisaren.[6]

Denne stoda gjorde livet vanskeleg nok for Bai, men då faren døydde vart familien kasta ut i stor fattigdom. Bai Juyi var 24 år på denne tida, og det vert sagt at han og familien var heimlause, og at dei måtte tigge etter mat og klede. Bai skal visstnok ha teke på seg mindre jobbar i byråkratiet for å støtta familien. Trass i dei vanskelege tilhøva hadde han fått ei klassisk utdanning, var ein lovande student og klarte å halda fram med å studera og skriva poesi. Grunna dei vanskelege omstenda tok ikkje Bai den prestisjefylte nasjonale eksamenen for stillingar i det høgre byråkratiet før han var 28 år gamal, men då han fyrst gjorde det fekk han eit glitrande resultat. Flokken av studentar som stod på eksamenen vart ein viktig maktfaktor i politikken ved hoffet i den neste helvta av hundreåret, og vart viktige vener og allierte for Bai.[6]

Spesielt diktarkollegen Yuan Zhen vart ein nær ven. Båe to kom frå enkle kår, og hadde same synet på dikting så vel som politikk. Trass i dei nære venskapsbanda møttest dei sjeldant utanom tida då dei budde i hovudstaden Chang'an. For å halda venskapet ved like skreiv dei dikt til kvarandre, og det var til Yuan Zhen han sende det dei to mest kjende dikta sine, «Sangen om den evige smerte» og «Balladen om en gitar».[7]

Statue av Bai Juyi i Jiujiang.

Rådgjevar for keisaren[endre | endre wikiteksten]

Etter ei stutt tid i Zhouzhi, som ikkje låg langt frå Chang'an, avanserte Bai gjennom fleire stillingar i hovudstaden og vart til slutt rådgjevar for keisaren i 808 (i ein alder av 38).[7] Han sat i denne stillinga i to år, og på denne tida hadde han meir innverknad på politikken enn nokon gong seinare i livet. Han hadde heller ikkje gløymd dei små kåra han kom frå, for han var ein djerv forsvarar av rettane til vanlege folk og gjekk til åtak på maktmisbruk og urettvise.

Bai og Yuan Zhen opplevde med tida at konservative element ved hoffet hindra dei i å gjennomføra sosiale reformar, og dei valde difor å nytta poesi for å fremja bodskapen sin. For å få til dette freista dei å atterreisa den gamle yuefu-forma, ein folkemusikksjanger som gjerne hadde eit maktkritisk innhald. Yuefu-dikta Bai skreiv fekk stor popularitet. Dei påverka ikkje berre keisaren, men vekte indignasjon og støtte for reformar over heile landet. Samstundes gjorde dette han til ein mislikt person hjå dei konservative i sentraladministrasjonen.[7]

Sørgjeperiode og eksil[endre | endre wikiteksten]

I 811 døydde mora hans. Slik sed og skikk var sa han frå seg embetet sitt og drog seg attende til landsbyen han ætta frå. Der gjekk han inn i ein tri år lang sørgjeperiode. Dette vart den fyrste lengre perioden Bai hadde i tilbakedregen refleksjon, og denne tidbolken vart ikkje berre prega av dødsfallet til mora, men òg av den bråe bortangen til den tri år gamle dottera hans. Jamvel om dette ikkje var lukkelege år, meiner David Hinton at det var i denne fasen av livet Bai oppdaga at han var meir av ein einebuar enn ein dynamisk statsmann. Verknadene av den poetiske aktivismen hans må allereie ha kome til syne, for han forlét hovudstaden utan særleg von om ei ny stilling i framtida. Han skreiv få politiske dikt etter denne perioden, og tok berre embete langt borte frå den politiske striden i hovudstaden.[3]

Fordi Bai hadde lagt seg ut med sterke krefter i hovudstaden fekk han berre ei lita og uviktig stilling etter sørgjeperioden. Mindre enn eit år seinare vart han utnemnd til sjefsmagistrat i Jiujiang, ein slags mild form for eksil. Stillinga kravde ikkje mykje arbeid, og Bai Juyi nytta mykje av tida si i buddhist-klostera som låg i Lufjella. Vidgjetne poetar or gamal tid som Tao Yuanming og Xie Lingyun hadde òg vore mykje på vitjing i Lufjell-klostera, og Bai Juyi vandra ofte i naturen der. Til slutt fall han for ein liten stad der han bygde seg ei hytte som går att i mange av dikta hans.[8]

Attende i hovudstaden[endre | endre wikiteksten]

Bai forlét Jiujiang i 818 og vart utnemnd til prefekt i ein by i Sichuan. Etter mindre enn to år der vart han kalla til hovudstaden, der keisar Muzong av Tang hadde kome til trona. Den nye makthavaren ovundra poesien åt Bai, og både han og Yuan Zhen kom til Chang'an samstundes. Dette var ei spesielt lovande tid, fordi den nye keisaren til alt overmål hadde mest vyrdnad for den politiske poesien Bai hadde skrive. Men det viste seg snøgt at maktpolitikken i hovudstaden ikkje var annleis enn før. I 822 sytte han for å verta overført til Hangzhou, langt borte frå maktkampane ved keisarhoffet, og langt borte frå uroen som rådde mange stader i Kina på denne tida. I 824 drog han nordetter til ein sinekyre i Luoyang (den austlege hovudstaden i riket). Denne staden kom han til å kalla heimen sin for resten av livet, men fyrst hadde han ei stilling som prefekt i Suzhou. Til slutt var han to nye år i Chang'an under ein ny keisar, men fekk enno ein gong nok av politikken og drog seg attende til sinekyren i Luoyang i 829.[9]

Bai Juyi er gravlagd i Longmengrottene.

Siste leveår[endre | endre wikiteksten]

Dei siste seksten åra av livet levde Bai som ein slags urban eremitt i Luoyang. Med unnatak av ein triårsperiode då han tente som ordførar i byen, fekk han rikeleg med tid til å skriva poesi. Likevel var ikkje desse åra i alderdomen utan vanskar. Han hadde alltid hatt problemer med helsa, og med åra byrja synet hans å svikta. Yuan Zhen gjekk bort i 831, og same året døydde òg den eitt år gamle sonen hans. Helsa hans heldt fram med å skranta, og i 839 vart han råka av eit slag som gjorde han delvis lamma. I 845 sette Bai i stand ei endeleg samling av dikta sine, og plasserte fleire kopiar i ymse framskotne kloster.[10] Helsa hans betra seg dei siste månadane av livet, men i september 846 sovna han stille inn, 75 år gamal.[11]

Efterpå

Døtre flest er en byrde,
men nektes en sønner
blir en nok ofte forunderlig glad –
selv i pikebarn.

Klærne hennes, de henger på knaggen –
borte ved sengen står mugge og krus.
Nettopp idag bar jeg kisten langs stien
til landsbyen, der hun hviler i kveld.
Jeg så at de kastet litt jord over graven –
snart vil det våres, og da blir den grønn.

Men kom ikke stadig med det om den korte veien:
Vit at det ligger en evighet mellom oss nu.

Bai Juyi. Til norsk ved Arne Dørumsgaard (1970).
[12]

Dikting[endre | endre wikiteksten]

Overlevering[endre | endre wikiteksten]

Tekstane til Bai Juyi og Yuan Zhen var mellom dei fyrste verdslege tekstane som vart prenta mekanisk og spreidde vidt ikring. Dikta deira vart dimed lesne i alle lag av folket, av keisarar, munkar og embetsmenn, sungne av kurtisaner i vinkroene og kopiert av barn i skulealder.[7] Fordi dikta Bai skreiv hadde ein så stor krins av lesarar, sit ein i dag att med heile 2800 dikt or handa hans. Diverre har mykje av det han skreiv i seine år gått tapt, fordi den store anti-buddhistiske forfylginga, som nådde ein topp året før Bai Juyi døydde, førte til at så godt som alle buddhistiske tempel i Kina vart øydelagde. Med desse øydeleggingane forsvann òg kopiane av Bai Juyi hadde lagra for ettertida i ulike kloster. Andre samlingar av dikta hans fanst i privat eige, men alle dikta han skreiv i dei siste tri og eit halvt åra av livet har gått tapt.[10]

Form[endre | endre wikiteksten]

Bai Juyi var den uformelle leiaren av ein flokk poetar som ikkje tykte særleg om den høviske stilen som hadde stor oppslutnad i samtida. Dei la i staden vekt på litteraturen sin didaktiske funksjon, og meinte at eit dikt lyt ha ein passande moral og eit sosialt føremål. Han meinte sjølv at dei satiriske og allegoriske balladane og yuefu-diktinga hans, som gjerne var skrivne i frie vers og tufta på gamle folkeballadar, var den viktigaste delen av produksjonen hans.[1] Difor ordna han samlingane av poesien sin slik at dei didaktiske dikta alltid kom i fyrste rekkje, medan til dømes den meir meditative diktinga kom i andre.[13] I likskap med Du Fu (som Bai ovundra) freista han å skriva på ein enkel og endefram måte.[1] Jamvel om den enkle stilen ikkje har falle i smak hjå alle kritikarar, er han ifylgje professor Paul W. Kroll ei sannsynleg forklåring på kvifor Bai vart så populær i Heian-Japan.[14]

Tema[endre | endre wikiteksten]

Bai var djupt oppteken av dei mange vanskane i tida. Han synte stor harme i møte med den dekadente lauslivnaden til korrupte embetsfolk, og uttrykkjer sympati for dei lidingane vanlege folk vart utsett for. Denne samfunnskritiske brodden kjem tydeleg fram i dei femti yuefu-dikta han skreiv. Dikta skildrar og fordømer korrupsjon og maktmisbruk, og syner korleis desse tilhøva påverkar vanlege folk og sjølve statsskipnaden.[15]

Ein annan del av diktinga hans er rotfesta i eit daoistisk og chan-buddhistisk syn på tilværet. Men i motsetnad til ein poet som til dømes Wang Wei freistar ikkje Bai å gje slepp på sjølvet mellom alt det som finst i verda. Han meiner snarare at sjølvet allereie er ein form for ikkje-væren. Dette opnar for ein poesi som gjev rom for kvardagslege røynsler på ein måte som ifylgje den amerikanske attdiktaren David Hinton skaper ei «...kjensle i dikta hans av å opphalda seg i livets midtpunkt [og] kombinerer nærleiken i eit fullt hjarte med rømdene i eit tomt sinn».[16]

«Sangen om en gitar» på originalspråket, skrive av meisterkalligrafen Wen Zhengming.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Då Bai døydde var han ein vidgjeten mann i Kina og mange ikringliggjande land.[11] Ifylgje den engelske attdiktaren Arthur Waley finst det snautt ein diktar som har vore like ovundra i si eiga levetid som det Bai var. Dikta hans vart skrivne på veggane i landsbyskular og i munkekloster, på vertshus og elvebåtar. I eit brev til Yuan Zhen fortel Bai sjølv om ei prostituert kvinne som la på prisen fordi ho kunne synge «Balladen om en gitar» utanboks, og frå midten av det niande hundreåret stammar soga om ein hamnearbeidar som hadde tatovert Bai sine dikt over heile kroppen og gjekk rundt som ein levande antologi.[17]

I Japan fekk han kan henda ein endå større posisjon som diktar. Der vart han gjord til ein slags helgen i den innfødde shinto-religionen og skildra som elskar i eit No-skodespel mange hundre år etter at han sjølv var daud, for ikkje å snakka om at han vart medvite kopiert av kjende japanske poetar som Sugawara no Michizane. Mange av dikta hans vert òg sitert i Genji-soga av Shikibu Murasaki frå om lag år 1000.[18]

Bai Juyi har vorte attdikta til riksmål av Arne Dørumsgaard i I bambuslunden: Po Chü-i i norsk gjendiktning: (772-846) (1970), og er representert i antologien Jord Himmel – kinesiske dikt gjennom 3000 år (1982) av Sigmund Mjelve.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Dørumsgaard, A. (1970). Innledning. I I bambuslunden: Po Chü-i i norsk gjendiktning: (772-846). Oslo: Dreyer.
  • Hinton, D. (1999). Introduction. I The Selected Poems of Po Chü-i. New York: New Directions Publishing.

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 «Bai Juyi». Encyclopædia Britannica. 2020. Henta 4. mai 2020. 
  2. Perkins, D., red. (2013). «Bai Juyi». Encyclopedia of China: History and Culture. London: Routledge. s. 23.
  3. 3,0 3,1 Hinton, D. (1999), s. xix
  4. Hinton, D. (1999), s. xv
  5. Dørumsgaard, A. (1970), s. 85-88
  6. 6,0 6,1 Hinton, D. (1999), s. xvii
  7. 7,0 7,1 7,2 7,3 Hinton, D. (1999), s. xviii
  8. Hinton, D. (1999), s. xx
  9. Hinton, D. (1999), s. xx-xxi
  10. 10,0 10,1 Hinton, D. (1999), s. xxi
  11. 11,0 11,1 Dørumsgaard, A. (1970), s. 80
  12. Bai, Juyi (1970). I bambuslunden. Dreyer. s. 124. 
  13. Dørumsgaard A. (1970), s. 83
  14. Kroll, P. W. (2010). Poetry of The T'ang-Dynasty. I V.H. Mair (Red.), The Columbia History of Chinese Literature (s. 309). New York: Columbia University Press.
  15. Kroll, P. W. (2010), s.307
  16. Hinton, D. (1999), s.xiv
  17. Dørumsgaard, A. (1970), s. 86-87
  18. Dørumsgaard, A. (1970), s. 88