Baicheng

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Baicheng (gul) i Jilin

Baicheng (kinesisk skrift 白城, pinyin Báichéng) er eit byprefektur i provinsen Jilin i Kina. Prefekturet har eit areal på 25 683 km², folketalet er sist berekna til 2,03 millionar. Baicheng grensar til provinsane Indre Mongolia i vest og nord, og til Heilongjiang i nordaust og aust.

Byprefekturet Baicheng omfattar eitt distrikt (区 ), to byfylke (市 shì) og to fylke (县 xiàn).

Historie[endre | endre wikiteksten]

Dagens Baicheng var busett av ulike nomadiske stammer fram til 1800-talet. Frå då støtta Qing-dynastiet innvandring av han-kinesarar, men jordbruk var forbode fram til 1902. Området vart viktigare då jarnvegen mellom Qiqihar og Siping vart lagt gjennom Baicheng. To nye jarnvegar vart bygt i 1930-åra, noko som gjorde Baicheng til eit nav i samferdsla.

Næring[endre | endre wikiteksten]

Tekstilindustrien er ein berebjelke i økonomien. Landbruket er konsentrert om soyabønner, oljevekstar og om saueavl.

Samferdsle[endre | endre wikiteksten]

Riksveg 302 i Kina fører gjennom området. Han går frå Hunchun i provinsen Jilin til Ulanhot i Indre Mongolia.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]