Dublin

Koordinatar: 53°20′50″N 6°15′33″W / 53.34722°N 6.25917°W / 53.34722; -6.25917
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Baile Átha Cliath)
Dublin
Horisonten til Dublin
Horisonten til Dublin
Byvåpenet til Dublin
Byvåpenet til Dublin
Motto
«Obedientia Civium Urbis Felicitas»
(Borgarane sin lydnad er byen si lukke)
Plassering
Dublin is located in
Styresmakter
Land
Provins
Grevskap
Irland Irland
Leinster
County Dublin
Grunnlagd 988
Geografi
Flatevidd
 - By

114,99 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2006)
   - folketettleik
 - Byområde
 - Storbyområde

505 739
  4 293/km²
1 045 769
1 661 185
Koordinatar 53°20′50″N 6°15′33″W / 53.34722°N 6.25917°W / 53.34722; -6.25917
Høgd over havet 20 m
Diverse annan informasjon
Heimeside: www.dublincity.ie

Dublin (irsk Baile Átha Cliath, 'Byen ved vidje-vadestaden', og Dubh Linn, 'Svart kulp', norrønt Dyflin) er den største byen på øya Irland og hovudstad i Republikken Irland. Han ligg omtrent midt på austkysten av Irland, ved munningen til elva Liffey og midt i County Dublin. Han vart grunnlagd som ein vikingbusetnad og har vore den viktigaste byen på øya sidan mellomalderen. I dag er han det økonomiske, administrative og kulturelle senteret på Irland og har ein av dei raskast veksande folketala av dei europeiske hovudstadane.[1][2]

I ei spørjeundersøking av BBC som omfatta heile Europa i 2003 vart Dublin kåra til den beste europeiske hovudstaden å bu i og Irland det mest tilfredse landet.[3]

Historie[endre | endre wikiteksten]

Skriftlege kjelder om byen finst frå attende til om lag år 140. Geografen Klaudios Ptolemaios skreiv om byen under namnet Eblana.

St. Patrick skal ha vitja staden kring 448, og omvende mange av innbyggjarane til kristendomen. I løpet av dei neste fire hundreåra voks det fram ein by ved ein stad i elva Liffey. På staden kunne ein kryssa elva med hesteslep.

Kring 840 kom vikingar frå Noreg, og bygde opp ein festning i området. Byen vart sete for eit norsk kongedøme. I 852 tok danske vikingar kontroll, og åra etterpå var pregar av kampar mellom irane og vikingane. Kontrollen over byen veksla, og ulike kjelder har mest kvar si vinkling på kven som kontrollerte byen. I Noreg vert ofte området ved Dublin omtala som eit norsk vikingskongedøme. I Irland og Storbritannia omtalar ein vikingane som Danes, eller danskar. Vikingherredømet heldt fram til 1014, då irane sigra i slaget ved Clontarf.

I 1169 byrja engelskmennene å ta kontroll over Irland. Richard de Clare, andre jarl av Pembroke (kjend som Strongbow), tok fyrst Wexford, Waterford og størstedelen av Leinster, og deretter Dublin. Henrik II av England kom til øya i 1171, og gav Dublin sitt fyrste bybrev.

The Royal Exchange i Dublin. Bilde frå 1837.

På 1700-talet hadde Dublin ei stordomstid. Dei rikare delane av ibuarane la stor vekt på ven arkitektur. Mange nye gater, parkar og plassar vart laga til. I 1783 vart byen sete for det fyrste sjølvstendige irske parlamentet. Skipnaden vara berre fram til 1800, då Unionsakta gjeninnførte styre frå London. Sjølv i tidsrommet 1793-1800 var det store konfliktar, fordi britane heldt på den utøvande makta. Uroa toppa seg i eit mislykka opprør i 1798 (sjå Det irske opprøret i 1798).

I 1916 fann Påskeopprøret stad i gatene i Dublin. Irland vart utropa som sjølvstendig republikk. Opprøret vart slege ned og fleire av leiarane avretta i Kilmainhamfengselet i byen. Det var igjen kamphandlingar i byen under den irske sjølvstendekrigen. Krigen enda med opprettinga av den irske fristaten, med Dublin som hovudstad.

Verdt å sjå[endre | endre wikiteksten]

Den gamle parlamentsbygningen[endre | endre wikiteksten]

Parlamentsbygningen var det første offentlege bygget som vart reist i stordomstida på 1700-talet. Det vart påbyrja i 1729 etter teikningar av Edward Lovat Pearce, og vert rekna som eit av dei beste døma på den rådande stilen i tida. Det autonome irske parlamentet heldt til her frå 1783 til 1800. Nasjonalbanken, Bank of Ireland, tok over bygningen i 1804.

Trinity College[endre | endre wikiteksten]

Trinity College
Slottet i Dublin, Dublin castle
Four Courts
Kilmainham fengsel
General Post Office
St. Patricks katedral

Universitetet Trinity College vart grunnlagd i 1592, på staden der eit kloster hadde vore fram til det vart stengd av Henrik VIII av England. Det var eit protestantisk universitet, oppretta for å fremme Reformasjonen. Den eldste bevarte bygningen er frå 1722. Biblioteket rommar over ein halv million trykte bøker og over 2 000 handskrifter. Sidan 1801 har det hatt rett til eit eksemplar av alle bøker utgitt i Irland og Storbritannia. Den største skatten i biblioteket er Kellsboka (Book of Kells), som er ein illuminert handskrift av Evangelia, truleg frå 700-talet. Av tidlegare studentar finn ein forfattaren Bram Stoker, politikaren Edward Carson og den første presidenten på Irland, Douglas Hyde.

Tollbygningen[endre | endre wikiteksten]

Tollbygningen vert av av mange rekna som den finaste bygningen i Dublin. Han vart teikna av James Gandon, og fullført i 1791. Han vart sett i brann i 1921, under borgarkrigen, men er restaurert.

Dublin Castle[endre | endre wikiteksten]

Slottet Dublin Castle vart bygd mellom 1208 og 1220. Det var bustad for dei engelske visekongane. Det vert i dag nytta til mellom anna innsetting av presidenten og andre viktige statstilstelningar.

Four Courts[endre | endre wikiteksten]

Rettsbygningen, Four Courts, vart oppført frå 1786 etter teikningar av Thomas Cooley med endringar av James Gandon. Han vart nesten fullstendig øydelagt under borgarkrigen, men er restaurert.

Kilmainham fengsel[endre | endre wikiteksten]

Kilmainham fengsel vart bygd etter modell av moderne, opne fengsel i USA. Planløysinga er slik at vaktene skal kunne sjå alle cellene, det er òg lyst og luftig. Under hungersnauda på 1840-talet var fengselet ein av dei stadane ein var garantert å få mat, dermed gjorde mange hungersråka seg til forbrytarar for å hamne her. Etter Påskeopprøret i 1916 vart fleire av leiarane fengsla og seinare avretta i Kilmainham. På grunn av dette er fengselet no gjort om til museum om fridomskampen til Irland, med spesiell vekt på leiarane frå 1916.

General Post Office[endre | endre wikiteksten]

For meir om dette emnet, sjå Hovudpostkontoret i Dublin.

Hovudpostkontoret (General Post Office, eller berre GPO på folkemunne), som ligg i hovudgata O'Connell Street, vart fullført i 1818 etter teikningar frå Francis Johnston. I tillegg til å vere ein flott bygning er det mest kjend for å vere staden der sjølvstendeerklæringa vart lesen opp under Påskeopprøret i 1916. Det er sett opp ein minneplakett på fasaden og ein statue i sentralhallen.

Kristkyrkja[endre | endre wikiteksten]

Christ Church Cathedral har opphav i ein katedral reist på 1000-talet. Jarlen av Pembroke, Strongbow, erstatta han med eit større bygg reist frå 1172 til omkring 1220. Det meste av katedralen i dag er frå 1800-talet, men delar av mellomalderkatedralen er bevart. Ved Reformasjonen vart ho ein anglikansk katedral, og er det framleis.

St. Patricks katedral[endre | endre wikiteksten]

St. Patricks katedral vart grunnlagd i 1190. Etter ein brann på 1300-talet vart mykje gjennoppbygd, og det er òg ein del andre seinare element. Eit paveleg universitet var knytt til katedralen frå 1320 inntil det vart stengt av Henrik VIII ved Reformasjonen. På 1600-talet brukte Oliver Cromwell sine styrkar katedralen som stall for hestane sine. Katedralen er den lengste kyrkja på Irland, med ei indre lengd på omkring 90 meter. Ho rommar mange historiske minnesmerke og gravmonument. Forfattaren Jonathan Swift var dekan for katedralen frå 1713 til 1745, og preikestolen han brukte står framleis. Han er òg gravlagd i kyrkja.

Nasjonalmuséet[endre | endre wikiteksten]

Nasjonalmuséet rommar mange lekamar frå keltisk tid, og har ein historisk seksjon som mellom anna rommer den permanente utstillinga «Vegen til sjølvstende», med fokus på perioden 1900 til 1923.

Phoenix Park[endre | endre wikiteksten]

Ein sektor av byen mot aust og aust-nordaust består av ein stor park med store grassletter innimellom eiketre og få bilvegar. Dublin Zoo og residensen til USA sin ambassadør ligg i parken. Det er ei oppleving å leige hest og sjå parken frå hesteryggen.

St.Stephens Green[endre | endre wikiteksten]

St.Stephens Green er ein idyllisk park like sør for sentrum med plenar, fleire vatn og planter.

Grand Canal og Royal Canal[endre | endre wikiteksten]

Det er bygd kanalar på nord- og sørsida av sentrum som begge går tvers over Irland til vestkysten. Det er mogeleg å leige kanalbåtar for kortare eller lengre turar på kanalane.

Folk frå Dublin[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Dublin
Reiseguide for Dublin frå Wikivoyage

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. TalkingCities, arkivert frå originalen 6. oktober 2009, henta 25. oktober 2007 
  2. The Irish Experience
  3. BBC spørreundersøking