Bajazet av Vivaldi

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Bajazet
RV 703
Opera av Antonio Vivaldi
SjangerOpera
PeriodeBarokken
Komponert1735
Urframføring1735
Typisk lengd145:58
Tekst avAgostino Piovene

Bajazet, òg kalla Il Tamerlano[1] er ein italiensk opera av Antonio Vivaldi frå 1735. Librettoen vart skriven av Agostino Piovene. Premieren var i Verona, under karnevalet her dette året. Operaen har tre akter med ein tre satsar lang sinfonia som introduksjon. Soga omhandlar lagnaden til Bajazet (kjend som Beyazid I) etter han vart fanga av Tamerlane (Timur Lenk). Den kjende arien «Sposa son disprezzata» er frå denne operaen.

Roller[endre | endre wikiteksten]

Rolle Røyst Premierebesetning[2]
Tamerlano, keisaren av tartarane mezzosopran Maria Maddalena Pieri
Bajazet, keisaren over osmanarane, no fangen til Tamerlane baryton Marc Antonio Mareschi
Asteria, dotter til Bajazet, forelska i Andronicus kontraalt Anna Girò
Andronicus, ein prins frå Hellas, alliert med Tamerlane kontraalt Pietro Moriggi
Irene, prinsessa av Tresbisond, lovd som kone til Tamerlane kontraalt Margharita Giacomazzi
Idaspe, venen til Andronicus sopran Giovanni Manzoli

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Må ikkje forvekslast med ein opera med same namn av Händel
  2. Ryom, Peter (2007). Vivaldi-Werkverzeichnis, s. 379. Breitkopf & Härtel.