Bakersjøen i Nunavut
| Bakersjøen | |||
| Baker Lake, Qamani'tuaq | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Territorium | Nunavut | ||
| Region | Kivalliq | ||
| Høgd | 2 m | ||
| Areal | 1 887 km² | ||
![]() Bakersjøen i Nunavut 64°10′00″N 95°30′00″W / 64.166666666667°N 95.5°W | |||
| Wikimedia Commons: Baker Lake (Nunavut) | |||
Bakersjøen (engelsk Baker Lake, inuktitut Qamani'tuaq, 'der elva vidar seg ut') er ein innsjø i Canada. Han ligg i Nunavut, sentralt i landet. Han har ei flatevidd på 1 887 kvadratkilometer, og inneheld fleire bukter og øyer. Sjøen får vasstilførsel frå Thelonelva frå vest og Kazanelva frå sør. Det renn ut i Chesterfieldbukta. Busetnaden Baker Lake ligg nordvest for sjøen, ved munningen av Thelon.
Traktene rundt Bakersjøen er så godt som folketomme, med mindre enn to innbyggjarar per kvadratkilometer.[1] Det finst to reinflokkar i området, Beverly- og Qamanirjuaq-karibuflokkane, i tillegg til anna arktisk dyreliv knytt til Nord-Canada.[2]
Historie
[endre | endre wikiteksten]Tradisjonelt heldt ni ulike inuittiske grupper til i området. Fire av dei heldt til nord for dagens busetnad Baker Lake: Illuiliqmiut-, kihlirnirmiut-, hanningayuqmiut- og ukkuhiksalingmiutfolk. Frå aust til nordvest for sjøen heldt qairnirmiut- og hauniqturmiutfolk til. Akilinirmiutar heldt seg nordvest for sjøen, medan harvaqtuurmiutar og paalirmiutar heldt til sør for han.[3]
Sjøen blei utforska i 1762 av William Christopher, som kom hit via Chesterfieldbukta. Den fyrste gongen styresmaktene slo seg ned her var i 1915, då Royal North-West Mounted Police skipa ein post ved austenden av vatnet. I 1916 skipa Hudson's Bay Company ein handelsstasjon ved Kazanelvedeltaet fram til 1930, då han blei flytta til den noverande staden sin, den noverande Baker Lake.
Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- ↑ «NASA Earth Observations: Population Density». NASA/SEDAC. Arkivert frå originalen 9. februar 2016. Henta 30. januar 2016. Arkivert 2016-02-09 ved Wayback Machine.
- ↑ «Orin Durey Intervention». nunavut.ca. Henta 2008-01-16.[daud lenkje]
- ↑ «Baker Lake - The Hamlet», web.archive.org, 2007-10-19, arkivert frå originalen 2007-10-19, henta 2022-11-25
{{citation}}: Invalid|url-status=yes(hjelp)
- Denne artikkelen bygger på «Baker Lake, Nunavut (sjö)» frå Wikipedia på svensk og «Baker Lake (Nunavut)» frå Wikipedia på engelsk, den 25. november 2022.
