Bakhdida

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakhdida
ܒܲܓܼܕܹܝܕܵܐ
by
Iraqvillagebaghdeda.JPG
Bakhdida
Land Flag of Iraq.svg Irak
Guvernement Ninive
Distrikt Al-Hamdaniya-distriktet
Folketal 60 000 (2016)

Bakhdida
36°16′15″ N 43°22′39″ E
Wikimedia Commons: Bakhdida

Bakhdida (gammalsyrisk ܒܲܓܼܕܹܝܕܵܐ, arabisk بخديدا), òg kalla Baghdeda, Qaraqosh eller Al-Hamdaniya, er ein assyrisk[1] by nord i Irak i Ninive guvernement, kring 32 km søraust for byen Mosul og 60 km vest for Erbil i eit jordbrukslandskakp. Han ligg nær ruinane av dei assyriske oldtidsbyane Nimrud og Ninive. Det går to hovudvegar frå byen og inn til Mosul. Den første går gjennom byane Bartella og Karamles og vidare til Erbil, medan den andre går direkte til Mosul.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Byen ligg i same område som dei gamle assyriske hovudstadene Nimrud og Ninive. Arkeologen al-Khdedi hevdar at Bakhdida har vore busett sidan 6000 år før Kristus. Vidare hevdar han at folkesetnad her for det meste har assyriske forfedrar.

Familienamna i byen - Assu, Ashu, Annu, Ausu, Ballu, Battu, Tammu, Toolu, Gadgou, Daddu, Rammu, Ritu, Shinnu, Shammu, Shnatu, Samdu, Saifu, Kasbu, Kannu, Mattu, Miru, Nooru, Noodu, Garmu, Lasu og mange andre namn - har assyrisk-akkadisk bakgrunn.

Om lag 96 % av folkesetnaden i byen på cirka 45 000 (dør det kom internflyktingar) tilhøyrde den syrisk-katolske kyrkja og dei attverande tilhøyrde den syrisk-ortodokse kyrkja. Irakkrigen innebar likevel ein tilstrøyming av cirka 15 000 assyrarar, frå andre irakiske byar, som hovudsakleg var frå den kaldeisk-katolske kyrkja og den austleg-assyriske kyrkja

I det første tusenåret tilhøyrde den opphavlege folkesetnaden i byen den austleg-assyriske kyrkja, men leia av Shapur al-Baghdida konverterte dei til den syrisk-ortodokse kyrkja på 600-talet. År 1650 byrja nokre av innbyggjarane i byen å knyte kontaktar med Roma via klosteret Mar Bihnam, men det var ikkje før 1700-talet at folket i Bakhdida byrja å sameinast med Vatikanet. Folkesetnaden vart slik syrisk-katolsk.

Det vanlegaste språket som vert tala er ein variant på Niniveslettene av nyarameisk, som er nesten identisk med det som vert talt i andre viktige assyriske byar i området, som Alqosh og Tel Keppe. Arabisk er andrespråket. Engelsk er kjend for den yngre generasjonen.

Arkeologi[endre | endre wikiteksten]

Lamassu og andre figurar frå Balawatportene

Frå slutten av 1800-talet vart ulike funnstadar i utkanten av byen utgrave under leiing av Hormuzd Rassam. I Balawat (den assyriske oldtidsbyen kalla Imgur-Enlil) vart det funne ei rekkje assyriske lekamar. Dei hamna etterkvart i British Museum og Mosulmuseet.

Interessa for vidare arkeologiske utgravingar har halde fram. Her er mange restar etter assyrarane, som i Tel Bashmoni (Beth Shmoni), Tel Muqortaya, Tel Karamles, Tel Mar Bihnam og andre stadar. Desse haugane (Tell tyder haug) var fort, tempel eller bygningar knytt til den assyriske hovudstad Nimrud. I 1922, 1927 og 1935 fann arkeologar gulltjukker og sylindersegl, ein assyrisk statue (teken til Mosulmuseet) og kyrkja Mar Zina. I 1942 vart det funnet eit assyrisk baderom og fleire graver nær kyrkja i Bashmoni. I 1980-årane var det utgravingar ved kyrkja Mar Youhanna (Johanneskyrkja), og her fann ein menneskelege leivningar i graver. Desse gravene, på austsida av feltet og ein og ein halv meter djupe, var bygde opp med typisk assyriske store rektangulære teglstein.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. CNN, By Mariano Castillo, «ISIS overtakes Iraq's largest Christian city», CNN, henta 5. mars 2021