Bakhtegansjøen
Utsjånad
| Bakhtegansjøen | |||
| innsjø | |||
| Land | |||
|---|---|---|---|
| Tilsig | Korelva | ||
| Koordinatar | 29°21′55″N 53°50′19″E / 29.3654°N 53.8385°E | ||
| Areal | 3 500 km² | ||
![]() Bakhtegansjøen 29°21′55″N 53°50′19″E / 29.3654°N 53.8385°E | |||
| Wikimedia Commons: Bakhtegan Lake | |||
Bakhtegansjøen (persisk دریاچۀ بختگان) var ein saltsjø i Fars sør i Iran, kring 160 km aust for Shiraz og 15 km vest for byen Neyriz.
Bakhtegan hadde eit areal på 3 500 km² og var den nest største innsjøen i landet. Han fekk vatn frå Korelva.[1] Fleire demningar i Korelva har kraftig redusert vasstilførselen til innsjøen, auka saltinnhaldet og gjort bestanden av flamingoar og andre trekkfuglar utryddingstruga i området.[1] Bakhtegansjøen er no fullstendig tørrlagd på grunn av demningane.

Kjelder
[endre | endre wikiteksten]- Denne artikkelen bygger på «Bakhtegan Lake» frå Wikipedia på engelsk, den 4. april 2021.
- Wikipedia på engelsk oppgav desse kjeldene:
