Bakkels

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Sandbakkels eller sandbakelse.

Bakkels (frå mellomnedertysk backels, 'det som blir bakt på ein gong')[1] er eit gammalt ord for mindre bakverk som kan vera kokte i smult.[2] Det finst i namnet til fleire kaketypar, som bordstabelbakkels, fattigmannsbakkels, hjortebakkels, rosettbakkels, sandbakkels og vassbakkels.

Bakels[3], bakkels, bakelse eller bakkelse[1] har i nordisk samanheng tradisjonelt vist til små bakverk.[4][5] Ordet kan visa til ein type kake bakt frå gammalt av i ulike delar av Noreg til høgtider og festar. Dei var laga av mjøl, sukker, egg, fløyte og vatn og ofte steikte i særskilde jarn med fint mønster som kunne omfatta namn og årstal. Denne kaketypen er også kjend som jønnbrød, avletter og anna.[3]

Andre typar er fattigmannsbakkels, ein frityrkokt bakkels laga av tynt kjevla og forma deig (sjå fattigmann),[6] hjortebakkels, ei tradisjonell norsk form for smultringar laga med hornsalt (sjå hjortetakk),[7][8] sandbakkels, eit anna namn på sandkake,[9] laga med mjøl, smør, sukker, egg, mandlar og bakepulver, og vassbakkels, ein type bakkels laga med mjøl, smør, egg og vatn og ofte fylte med krem.[10][11]

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «bakkels - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 21. mars 2019 
  2. «bakkels» i Nynorskordboka.
  3. 3,0 3,1 «Bakels». Store norske leksikon. 10. oktober 2017. Henta 21. mars 2019. 
  4. «Bakkelse, — ODS», ordnet.dk, henta 19. mai 2019 
  5. bakelse | SAOB | svenska.se (på svensk), henta 19. mai 2019 
  6. «fattigmannsbakkels - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 21. mars 2019 
  7. «RecipeSource: Norwegian Cake Doughnuts (Hjortebakkels)», recipesource.com, henta 23. mars 2019 
  8. NRK (19. november 2008), «Hjortebakkels», NRK (på bokmål), henta 23. mars 2019 
  9. «sandbakkels - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 23. mars 2019 
  10. «Vannbakkels», www.matprat.no (på norsk), henta 21. mars 2019 
  11. «vannbakkels - Det Norske Akademis ordbok», www.naob.no (på norsk), henta 21. mars 2019