Bakløft

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Bakløft på lastebil.

Bakløft, eller løftelem, er ein hydraulisk operert platt montert i bakkant av ein lastebil, som vert nytta for lasting og lossing. Ved lasting vert platten senka heilt ned og varene vert trilla inn på lemmen med jekktralle eller lasta manuelt. Lemmen vert så heila opp til same høgd som lasteplanet på bilen og varene vert trilla inn på lasteplanet. Lossing vert utført på same viset, men i motsett rekkefylgje. Bakløft vart utvikla i 1970 av Hesselman Elhydraulik og har spara sjåførar av distribusjonsbilar for mange tunge løft.