Baklengsmaskering

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Døme på baklengsmaskering.

Baklengsmaskering er ein innspelingsteknikk der ein lyd eller ei melding vert spelt inn baklengs på eit spor som er meint å spelast framlengs. Baklengsmaskering er ein tilsikta prosess, medan ei melding som vert funnen gjennom fonetisk reversering er utilsikta.

Baklengsmaskering vart popularisert av The Beatles, som brukte instrument spelt inn baklengs på albumet Revolver frå 1966.[1] Artistar har sidan brukt baklengsmaskering for kunstnarisk, komisk og satirisk efekt, å både analoge og digitale innspelingar. Teknikken har òg blitt nytta for å sensurere ord eller uttrykk for «reine» utgjevingar av songar med banning.

I 1969 sette baklengsmaskeringa i Beatles-songen «Revolution 9» vandresoga Paul is dead, om at Paul McCartney skulle vere død.[2] Frå 1970- til 1990-åra hevda kristne grupper i USA at rockemusikarar brukte baklengsmaskering for sataniske føremål, og førte til platebrenning og eit forslag om ei lov mot slik maskering.[3]

Mange populære musikarar har sidan blitt skulda for å inkludere baklengsmaskering i musikken sin. Men tilsynelatande baklengsmeldingar kan i røynda vere døme på pareidolia - tendensen hjernen har til å kjenne at mønster i meiningslause data - eller ei tilfeldig fonetisk reversering.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Sullivan, Mark (October 1987). «'More Popular Than Jesus': The Beatles and the Religious Far Right». Popular Music 6 (3): 313–326. doi:10.1017/S0261143000002348. 
  2. 2,0 2,1 Erik, Davis (2005). [Led Zeppelin IV]. Salon (på engelsk) (New York, NY: Continuum). ISBN 0826416586. OCLC 57452450. Henta 14. august 2018. 
  3. Billiter, Bill (28. april 1982). «Satanic Messages Played Back for Assembly Panel». Los Angeles Times, page B3.