Bakteriofag

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Bakteriofagar)
Illustrasjon av ein myovirus-bakteriofag
Elektronmikroskopbilete av P22-fagar utanpå selleveggen til ein bakterie

Bakteriofagar ('bakterieetarar', etter gresk), eller berre fagar, er virus som nyttar bakteriar som vertsorganismar. Dei sprøyter arvestoffet sitt (DNA eller RNA) inn i bakteriesella der dette kan integrera seg i bakterie-DNAet og nyttast til å laga nye fagar. Når bakteriesella døyr, vil selleveggen bresta og dei nydanna fagane strøyma ut, klare til å infisera nye bakteriar.

Bakteriofagar har vore røyna ut som bakteridrepande medisin, ein metode kalla bakteriofagterapi; men per november 2016 er ikkje bakteriofagar mykje nytta til medisinske føremål. Bakteriofagar er som regel artspesifikke, og økslar seg berre i ein viss art bakterie.

Bakteriofagar vart fyrst oppdaga i 1915 av den britiske mikrobiologen Frederick Twort.

Alle bakteriofagar utanom trådforma bakteriofagar har ein lytisk syklus.[1]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

«bakteriofag» i Store medisinske leksikon, snl.no. Henta 19. november 2016.

  1. Wang, Ing-Nang; Smith, David L.; Young, Ry (oktober 2000). «Holins: The Protein Clocks of Bacteriophage Infections». Annual Review of Microbiology. doi:10.1146/annurev.micro.54.1.799. Arkivert frå originalen 17. juli 2020. 
Spire Denne biologiartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.