Baktria

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Dei gamle byane i Baktria

Baktria er eit historisk land mellom det øvre laupet av Oxus (no Amu-Darja) og Hindukush-fjella, i det som no er det nordlege Afghanistan. Innbyggjarane var iranarar, og Baktria er etter segnet sete for det eldste iranske herskarhuset, kajanidane. Hovudstaden Baktra (no Balkh) var eit særs viktig sentrum for karavanehandelen.

Baktria vart lagt inn under Persarriket av Kyros, og seinare hærteke av Aleksander den store som grunnla ei rekkje greske kolonibyar der. I år 250 f.Kr. reiv Diodotos Baktria laus frå Selevkideriket, og grunnla Det gresk-baktriske riket, som òg vart utvida til det nordvestlege India.

Det gresk-baktriske riket spela ei stor rolle som berar av greske kulturimpuslar over store delar av Asia, men riket vart splitta; og på midten av 100-talet f.Kr. vart Baktria teke av iranske krigarfolk nordfrå, som grunnla Kusjanriket. Seinare kom ei rekkje invasjonar frå Sentral-Asia av tyrkiske og huniske stammer. Kring 660 vart Baktria hærteke av arabarane og i 1220 av mongolane.

Ved Ai Khanum ved øvre Oxus vart det i 1965 funne ruinar av ein rein hellenistisk by frå 100-talet f.Kr.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]