Balakhna

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Balakhna
Балахна
Byvåpenet til Balakhna
Byvåpenet til Balakhna


Plassering
Balakhna is located in Russland
Styresmakter
Land Flag of Russia.svg Russland
Føderasjonssubjekt Nizjegorod oblast
Grunnlagd 1474
Borgarmeister Andrei Telukhin
Geografi
Flatevidd
 - By

48 km²
Innbyggjarar
 - Totalt (2007)
   - folketettleik

54 500
  1 135,4 /km²
Koordinatar 56°29′00″N 43°32′00″EKoordinatar: 56°29′00″N 43°32′00″E
Høgd over havet 75 moh
Tidssone
- Ved sommartid
MSK (UTC+3)
MSD (UTC+4)
Diverse annan informasjon
Postnummer 60640x
Retningsnummer (tlf) (+7)83144
Nettstad: www.balakhna.nn.ru

Balakhna (russisk Балахна) er ein by i Nizjegorod oblast i Russland med om lag 55 000 innbyggjarar. Byen ligg på høgresida av Volga, rundt 30 km nordvest for Nizjnij Novgorod.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Ved bredda av Volga i Balakhna
Sretenijakyrkja

Balakhna vart grunnlagt i 1474 som Sol-na-Gorodtse. Etter at Khanen av Kazan jamna han med jorda i 1536 vart det ført opp eit trefort for å verne busetnaden mot fleire åtak frå tatarane. Dei neste hundreåra blømde Balakhna som eit senter for saltverk og kornhandel. Rundt problemtida var han den tolvte største byen i landet.

Adam Olearius vitja og skildra byen i 1636. Dette året bygde fleire skipsbyggarar frå Holstein dei første russiske skipa her og grunnla med det Balakhna som eit av dei fremste sentra for skipsbygging for trafikken på dei russiske elvane. Innbyggjarane var òg kjent som dugande strikkarar og for framstilling av farga fliser, som mellom anna vart nytta i utsmykkinga av Frelsarkyrkja (1668) og andre lokale bygg. Balakhna er ein av dei få russiske byane som vart vist på Amsterdam-verdskartet frå 1689 (som Balaghna).

Attraksjonar[endre | endre wikiteksten]

Den eldste bygningen i byen (og i heile regionen) er den teltforma Nikolaikyrkja frå 1552. Av alle dei teltforma kyrkje oppført i teglstein er dette den som kjem nærast sine forgjengarar bygt i tre. Kristi fødsels-kyrkje (1675) representerer ei arkaisk monumental form for klosterkatedral. Like ved ligg ein statue av Kuzma Minin, som vart født i Balakhna.

Den nordvestlege delen av Balakhna vert kalla Pravdinsk og var tidlegare ein eigen urbanliknande busetnad før han vart slått saman med Balakhna i 1993.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Balakhna