Balch-ventilasjon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Balch-ventilasjon er ventilasjonsforhold i grotter eller gruver med minst to inngangar i ulik høgd og med det høve for trekk av same type som i skorsteinar. Om vinteren er bergmassen, på grunn av jordvarme, varmare enn luftmassane på overflata, og trekken går oppover i gjennom systemet. Dette fører til sterk avkjøling i veggane og store isdanningar nær dei nedre inngangane. Om sommaren er luftmassane på overflata varmare enn bergmassen, og trekken går motsett veg. Dersom passasjane er lange og lufta har låg råme, vil han på grunn av fordamping frå dei fuktige grotteveggene, bli kjølt så mykje ned at ablasjonen av ismassen blir mindre enn vinterakkumulasjonen, slik at det det blir danna ei isgrotte.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]