Balestrand kommune

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Koordinatar: 61°14′N 6°26′E

Balestrand kommune
kommune
kommunevåpen
Land Flag of Norway.svg Noreg
Fylke Sogn og Fjordane
Adm.senter Balestrand
Areal 430 km²
 - land 412 km²
 - vatn 18 km²
Folketal 1 262 (1. januar 2018)
Folketettleik 3 / km²
Målform nynorsk
Ordførar Harald N. Offerdal (Ap)
Kommunenr. 1418
NO 1418 Balestrand.svg
Wikimedia Commons: Balestrand
Nettstad: www.balestrand.kommune.no

Balestrand er ein kommune i Sogn og Fjordane fylke. Han ligg nord for den midtre delen av Sognefjorden.

Kommunen grensar i nord til Førde, i aust til Sogndal og Leikanger, i sør til Vik (sør for Sognefjorden), og i vest til Høyanger og Gaular. Balestrand er òg eit kyrkjesokn i Indre Sogn prosti.

Kommunesoge[endre | endre wikiteksten]

Balestrand kommune vart oppretta i 1850 ved at området vart skild ut frå Leikanger kommune. Ved opprettinga budde det 2122 personar i Balestrand kommune.[1] I 1964 var det større endringar i utstrekkinga til Balestrand og dei omliggjande kommunane. Vangsnes sokn, med 189 innbyggjarar, på sørsida av Sognefjorden vart overført frå Balestrand til Vik kommune. Området Hella til Eitorn, med 31 innbyggjarar, på austsida av Fjærlandsfjorden vart overført frå Balestrand til Leikanger kommune. Kvamsøy sokn, med 363 innbyggjarar, vart overført frå Vik kommune til Balestrand.[2] I 2000 vart Fjærland sokn overført frå Balestrand til Sogndal kommune.[3]

Balestrand prestegjeld og sokn[endre | endre wikiteksten]

Kvamsøy kyrkje frå slutten av 1200-talet

Balestrand prestegjeld vart oppretta samstundes med Balestrand kommune og fekk same utstrekkinga. Frå opprettinga og fram til og med 1963 hadde prestegjeldet sokna Tjugum, Vangsnes og Fjærland (fram til 1861 kalla Mundal sokn). Frå og med 1964 høyrde Vagnsnes til Vik prestegjeld medan Kvamsøy sokn høyrde til Balestrand.[4] Fjærland sokn vart i 2000 overført til Sogndal prestegjeld[5] og dei to gjenverande sokna i prestegjeldet vart slege saman til eitt Balestrand sokn. Frå 2000 har det vore tre kyrkjer i soknet, Kvamsøy kyrkje, Sæle kyrkje og Tjugum kyrkje. Fjærland kyrkje høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til og med 1999, og Vangsnes kyrkje høyrde til Balestrand prestegjeld frå 1850 til og med 1963. Frå 2004 vart prestetenesta i Balestrand leia av prosten i Ytre Sogn prosti og Balestrand prestegjeld er nedlagt. Då Ytre Sogn prosti vart lagt ned i 2013 vart Balestrand ført over til Sogn prosti.[6]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Arkiv frå Balestrand kommune - registrerte i Arkivportalen.no

Spire Denne geografiartikkelen som har med Sogn og Fjordane å gjere er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.