Balholm

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
«Norge. Balholm med Hohenzollern» syner lystbåten til Vilhelm II av Tyskland i Noreg tidleg på 1900-talet
Postkort frå Nasjonalbiblioteket si biletsamling

Balholm var namnet på ein tidlegare holme utanfor Kviknes Hotel i Balestrand kommune i Sogn og Fjordane som har gitt opphav til namnet på handelsstaden «Holmen». Sundet mellom holmen og fastlandet vart attfylt på 1970-talet. Balholm har tidlegare vore nytta som offisielt namn på tettstaden Balestrand.

Tyding[endre | endre wikiteksten]

Fyrstelekken i namnet «Balholm» skriv seg frå det gamalnorske ordet bal, som tyder 'grønt belte langs fjorden'.

M/S «Balholm»[endre | endre wikiteksten]

Motorskipet M/S «Balholm» var ein passasjer- og lastebåt bygd av A/S Stord (1949–1974) til reiarlaget Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane, og vart driven frå 1949 til 1974. då båten vart seld til marineselskapet Tartan Arrow. Båten sokk utanfor Wales i 1979, og etter denne tid er det uvisst kva som har skjedd med han.

Balholm AS[endre | endre wikiteksten]

Namnet Balholm har vorte teke i bruk som merkenamn for friskpressa fruktjuice frå Sogn, frå verksemda Balholm AS.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]