Balkjosen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Koordinatar: 67°49′08″N 15°24′10″E

Balkjosen sett frå Håkjerringneset
Foto: TorbjørnS (mai 2013)

Balkjosen er ein fjordarm av Nordfolda i Steigen kommune i Nordland. Fjorden strekkjer seg 8,5 km nordover til botn av Store Balkjosen.

Fjorden har innløp mellom Håkjerringneset ved garden Alvnes i vest og Ørnesodden ved grenda Bjørsvik i aust. Sagen og Nøtnes er to gardar som ligg på kvar si side av fjorden like innanfor innløpet. Skjelneset går sørover i fjorden og deler han i to delar, Store og Litle Balkjosen. Midt på Skjelneset ligg Skjenesfjelelt med ei høgd på 334 meter over havet. Det er ikkje vegsamband innover i fjorden, men den isolerte garden Lommeren ligg ved innløpet til Litle Balkjosen.