Ballad of Easy Rider av The Byrds

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballad of Easy Rider
Studioalbum av The Byrds
Språk engelsk
Utgjeve 10. november 1969
Innspelt 17. juni til 26. august 1969
Studio Columbia Studios i Hollywood i CA
Sjanger Rock, countryrock
Lengd 33:55
Selskap Columbia
Produsent Terry Melcher
The Byrds-kronologi 
Preflyte
(1969)
Ballad of Easy Rider (Untitled)
(1970)


Singlar frå Ballad of Easy Rider
  1. «Ballad of Easy Rider»
    Utgjeve: 1. oktober 1969
  2. «Jesus Is Just Alright»
    Utgjeve: 15. desember 1969
Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
Allmusic4/5 stars [1]
Robert ChristgauB+ [2]
Rolling Stone(favourable) [3]
Blender2/5 stars [4]

Ballad of Easy Rider er det åttande albumet til det amerikanske rockebandet The Byrds og kom ut i november 1969 på Columbia Records.[5] Albumet er kalla opp etter songen «Ballad of Easy Rider», som vart skriven av The Byrds-gitaristen og songaren Roger McGuinn (med hjelp frå Bob Dylan), som kjenningsmelodien til filmen Easy Rider i 1969.[6] Tittelen vart vald for å prøve å utnytte suksessen til filmen, sjølv om det meste av musikken på albumet ikkje hadde noko med filmen å gjere.[7][8] Sambandet til Easy Rider hjelpte The Byrds og albumet vart det mest seljande dei hadde hatt i USA på fleire år.[7]

Albumet nådde 36. plass på den amerikanske albumlista og 41. plass i Storbritannia.[9][10] Tittelsporet vart gjeve ut som singel i oktober 1969 og klarte seg greitt.[5][11] Ein annan singel frå albumet, «Jesus Is Just Alright», kom ut i desember 1969, men nådde berre 97. plass på den amerikanske singellista.[5][11] Albumet var det andre albumet som vart innspelt med den nye besetninga med Roger McGuinn, Clarence White, Gene Parsons og John York, men York vart sparka frå bandet kort tid etter albumet var ferdig.[12] Albumet fekk blanda kritikk då det kom ut, men vert i dag rekna som eit av dei sterkaste albuma deira frå den siste halvdelen av karrieren.[1]

Albumet vart produsert av Terry Melcher som hadde produsert dei to første albuma til The Byrds, noko han berre gjekk med på om han òg kunne ta over som manager, for å unngå konfliktane han hadde hatt med Jim Dickinson. Melcher om til å arbeide med The Byrds fram til og med Byrdmaniax i 1971, lengre enn den første tida hans med The Byrds.[13]

Tidleg i 1969 skal manusforfattaren og hovudrolla i Easy Rider, Peter Fonda, ha spurt Bob Dylan om han kunne skrive ein song for filmen.[14] Dylan avslo, men skreiv følgjande ned på ein serviett: «The river flows, it flows to the sea/Wherever that river goes, that's where I want to be/Flow, river, flow» og sa til Fonda «gje dette til McGuinn».[12][14] Dylan vart seinare oppgitt over at han vart oppført som låtskrivar, og bad om å få namnet sitt fjerna.[15]

York var blitt stadig mindre motivert i bandet og hadde uttalt at han ikkje ønskte å spele songar som var skrivne og spelt inn før han kom inn i bandet. Til slutt valde dei andre i bandet å sparke han. Han vart erstatta av Skip Battin, ein frilansmusikar som ein gong var medlem av duoen Skip & Flip.[16]

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Ballad of Easy Rider» (Roger McGuinn, Bob Dylan)2:01
2.«Fido» (John York)2:40
3.«Oil in My Lamp» (trad. arr. Gene Parsons, Clarence White)3:13
4.«Tulsa County Blue [aka Tulsa County]» (Pamela Polland)2:49
5.«Jack Tarr the Sailor» (trad. arr. Roger McGuinn)3:31
6.«Jesus Is Just Alright» (Arthur Reynolds)2:10
Side to
Nr.TittelLengd
7.«It's All Over Now, Baby Blue» (Bob Dylan)4:53
8.«There Must Be Someone (I Can Turn To)» (Vern Gosdin, Cathy Gosdin, Rex Gosdin)3:29
9.«Gunga Din» (Gene Parsons)3:03
10.«Deportee (Plane Wreck at Los Gatos)»3:50
11.«Armstrong, Aldrin and Collins» (Zeke Manners, Scott Seely)1:41

Bonusspor på 1997-utgåva[endre | endre wikiteksten]

Nr.TittelLåtskrivar(ar)Lengd
12.«Way Behind the Sun»trad.arr. Roger McGuinn2:57
13.«Mae Jean Goes to Hollywood»Jackson Browne2:44
14.«Oil in My Lamp» (alternativ versjon)trad. arr. Gene Parsons, Clarence White2:02
15.«Tulsa County Blue» (alternativ versjon)Pamela Polland3:39
16.«Fiddler a Dram» (Moog Experiment)trad. arr. Roger McGuinn3:10
17.«Ballad of Easy Rider» (lang versjon)Roger McGuinn, Bob Dylan2:26
18.«Build It Up» (instrumental, *)Clarence White, Gene Parsons5:34

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

The Byrds
Andre medverkande

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 «Ballad of Easy Rider review». Allmusic. Henta 19. oktober 2010. 
  2. «The Byrds: Consumer Guide Review». Robert Christgau: Dean of American Rock Critics. Henta 29. desember 2018. 
  3. Leimbacher, Ed (27. desember 1969). «Records». Rolling Stone (San Francisco: Straight Arrow Publishers, Inc.) (49): 58–60. Arkivert frå originalen 16. januar 2017. Henta 29. desember 2018. 
  4. «Ballad of Easy Rider review». Blender. Henta 29. desember 2018. 
  5. 5,0 5,1 5,2 Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 542–547. ISBN 0-95295-401-X. 
  6. Rogan, Johnny. (1997). Ballad of Easy Rider (1997 CD liner notes). 
  7. 7,0 7,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 226–227. ISBN 1-90600-215-0. 
  8. «Ballad of Easy Rider». ByrdWatcher: A Field Guide to the Byrds of Los Angeles. Henta 19. oktober 2010. 
  9. «The Byrds Billboard Albums». Allmusic. Henta 19. oktober 2010. 
  10. Brown, Tony. (2000). The Complete Book of the British Charts. Omnibus Press. s. 130. ISBN 0-7119-7670-8. 
  11. 11,0 11,1 «The Byrds Billboard Singles». Allmusic. Henta 19. oktober 2010. 
  12. 12,0 12,1 Fricke, David. (1997). Ballad of Easy Rider (1997 CD liner notes). 
  13. Rogan, Johnny. (1998). The Byrds: Timeless Flight Revisited (2nd utg.). Rogan House. s. 289–291. ISBN 0-9529540-1-X. 
  14. 14,0 14,1 Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 201–203. ISBN 1-906002-15-0. 
  15. Hjort, Christopher. (2008). So You Want To Be A Rock 'n' Roll Star: The Byrds Day-By-Day (1965-1973). Jawbone Press. s. 212. ISBN 1-906002-15-0. 
  16. Fricke, David. (2000). (Untitled)/(Unissued) (2000 CD liner notes).