Ballarat

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballarat
by
Aerialviewgardens.jpg
Land Flag of Australia.svg Australia
Kart
Ballarat
37°33′39″ S 143°50′51″ E
Wikimedia Commons: Ballarat

Ballarat er ein by i Australia med 85 197 innbyggjarar (2006). Byen ligg i delstaten Victoria, 105 km nordvest for delstatshovudstaden Melbourne.

Det blei funne gull like ved Ballarat i 1851. Dette førte til eit innrykk av 10 000 gullgravarar på under eit år. Dette endra byen frå ein liten landsby til den største byen i Victoria nett då.

Veksten til Ballarat gjekk mykje ned etter 1880-åra, og byen blei raskt overskugga av Melbourne som den viktigaste i delstaten.