Ballast

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ballast er materiale av ulikt slag som skal gje tyngd og stabilitet. Nemninga ballast vert såleis nytta om den pukksteinen som skjenegangenjarnbaner både ligg på og vert halde på plass med ved at pukksteinen er pakka rundt svillene. Likeeins vert nemninga ballast nytta om det materialet eller det vatnet som vert teke om bord i skip utan last, eller med lett last, for at skipet skal liggje djupt og stabilt nok i sjøen til å kunne verte manøvrert trygt. I seglskutetida vart det lagt sand eller stein i botnen på lasteromma som ballast. I moderne skip vert det vanlegvis pumpa inn i høvelege mengder sjøvatn i tankar eller holrom laga til det bruket. Når det gjeld tankskip, vert ofte ballastvatnet pumpa inn i nokre av tankane som elles vert nytta til last.

I undervassbåtar er det likeeins sjøvatn som vert pumpa inn og ut i ballasttankar som får båten til å dykka ned under vatn til rett djupna og kome seg opp att. Jamvel i seglfly vert det nytta vatn som ballast for å få optimal vekt og vektfordeling på flyet under flyginga.

På seglbåtar med djuptstikkande kjøl, til dømes fritidsbåtar, er kjølen gjerne laga av tungt materiale for å fungere både som kjøl og som ballast.

Ballastvatn frå skip har vorte eit stor miljøproblem kringom i verda. Ulike organismar fylgjer med vatnet frå den staden eller hamna der vatnet er pumpa inn i skipet, og vert sleppt fri på ein heilt annan kant av verda når skipet kvitter seg med ballastvatnet for å take inn nyttelast. Her kan desse framande organismane gjere store skadar på dei eksisterande lokale artane eller på anna vis endra tilhøva i ugunstig lei, slik det er fleire døme på. Difor vert det gjort arbeidd for å få bindande internasjonale reglar for reinsing av ballastvatn. I seglskutetida vart planter og insekt ført frå ein stad til ein annan på liknande vis med den jorda og sanden som vart nytta som ballast.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]