Ballblom

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Ballblom
Ballblom
Ballblom
Systematikk
Rike: Planteriket Plantae
Overrekkje: Landplantar Embryophyta
Rekkje: Karplantar Tracheophyta
Underrekkje: Frøplantar Spermatophytes
Orden: Ranunculales
Familie: Soleiefamilien Ranunculaceae
Slekt: Trollius
Art: Ballblom T. europaeus
Vitskapleg namn
Trollius europaeus

Ballblom (Trollius europaeus) er ein fleirårig plante i soleiefamilien som veks i fuktige og næringsrike enger og fjell-lier over det meste av Norden, i fjellområde i Europa elles og i det vestlege Asia.

Utsjånad[endre | endre wikiteksten]

Blome
Stengelblad
Belgfrukt

Ballblomen har ein rak, opp til 70 cm høg stengel, ofte med sidegreiner. Han blomstrar i juni og juli med 3 cm breie og kuleforma blomstrar, som har 10-15 sterkt gulfarga begerblad som dekkjer kvarandre som blada i eit kålhovud. Innanfor begerblada ligg nokre unnselege, eigentlege kronblad. Etter blomstring og vellykka bestøving utviklar ballblomen ein stivt opprett, svartbrun fruktstand med belgkapslar. Når frøa er modne, opnar belgkapslane seg i overkanten, slik at frøa vert slengde ut når vinden vert kraftig nok.

Økologi[endre | endre wikiteksten]

Blomsteren er svakt velluktande og trekkjer til seg insekt. Men ballblomen kan berre bli pollinert av blomsterfluger av slekta Chiastocheta («ballblomfluge»), og kan ikkje formeire seg utan desse flugene. Desse flugene er små og greier krype mellom alle laga av blomsterblad i blomeballen. Det er fire kjende Chiastocheta-artar i Norden. Ballblomflugene er på si side heilt avhengig av at larvane får ete blomsterfrø frå ballblomen. Denne typen gjensidig avhengigheit er kalla obligat mutualisme [1] .

På same måte som bekkeblom inneheld ballblom giftstoffet anemonol, så han får stå i fred for beitedyr.

Ballblomen veks i frodige enger og skogar, og høyrer til høgstaudevegetasjonen i fjellbjørkeskogen. Under barskoggrensa kan den same vegetasjonstypen verte dominert av storvaksen, men glissen granskog. Gammaldags husdyrbruk med slått og beiting held konkurrerande vegetasjon borte, men dette er ei driftsform som vert mindre bruka enn før. Ballblomen er derfor ikkje så vanleg å sjå i låglandet.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Ballblom treng frodig eng eller skogsmark, og sidan slik mark mange stader er oppdyrka, finst han i dag helst i fjellområde og nordover i Norden. Han manglar lengst sør og vest i Noreg, aust i Sverige og i indre Finland. Arten førekjem elles i Europa, sørover helst i fjellstroka, og i det vestlege Asia.

Ballblomen er ofte planta i hagar, og kan derfor finnast forvilla utanfor det naturlege utbreiingsområdet.

Kultur[endre | endre wikiteksten]

Ballblomen er fylkesblomster i Troms.

Norske dialektnamn[endre | endre wikiteksten]

Blomsterblada ligg som blada i eit kålhovud

Sidan planten ofte blir ståande i beiteområde, har han vore godt kjend blant folk, og han har fått mange folkelege namn[2]:

Samiske namn[endre | endre wikiteksten]

  • Fiskerássi, «gulplante»
  • gollerássi, gullplante
  • boallorássi, «knappeplante»
  • mánorásse, «måneplante»

Andre språk[endre | endre wikiteksten]

Latinske namn[endre | endre wikiteksten]

Frå C.A.M Lindman Bilder ur Nordens Flora

Slektsnamnet Trollius er henta frå det gamle tyske namnet «Trollblume». Ordet 'troll' har her samanheng med eit gammaltysk ord som tyder 'kulerund'. Artsnamnet europaeus tyder 'frå Europa'.

Forskjellige botanikarar har namnsett planten, det er derfor registrert mange synonym for plantenamnet:

Trollius connivens Moench nom. illeg.
Trollius europaeus subsp. globosus (Lam.) Domin
Trollius europaeus var. humilis (Crantz) P.Fourn.
Trollius germanicus Wender. nom. illeg.
Trollius globosus Lam.
Trollius humilis Crantz
Trollius medius Wender.
Trollius minimus Wender.
Trollius montanus Salisb. nom. illeg.
Trollius napelliformis Roep.
Trollius rotundifolius Stokes
Trollius sphaericus Salisb.
Trollius viridis Miel.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Robert Ekblom: Smörbollsflugornas fantastiska värld (PDF), arkivert frå originalen (PDF) 26. august 2014, henta 13. februar 2008 
  2. Botanisk museum

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]