Ballet Shoes

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk

Ballet Shoes er ein britisk fjernsynsfilm frå 2007. Han er omarbeidd av Heidi Thomas frå romanen Ballet Shoes frå 1936, som er skriven av Noel Streatfeild. Filmen blei produsert av Granada Productions og hadde premiere på BBC One 26. desember 2007. Han er regissert av Sandra Goldbacher. Ei tidlegare filmatisering av Ballet Shoes blei produsert i serieformat av BBC i 1975 og regissert av Timothy Combe.

Handling[endre | endre wikiteksten]

Filmen handlar om dei tre adoptivsystrene Pauline, Petrova og Posy Fossil som bur i London. Handlinga går føre seg på 1930-talet. Ein dag forsvinn den eksentriske onkelen deira og dei må klare seg sjølve i fattige kår.

Skodespelarar[endre | endre wikiteksten]

Produksjon[endre | endre wikiteksten]

I juli 2007 blei det kunngjort i ei pressemelding at filminga skulle byrje i august same året. Manusforfattar og produsent Heidi Thomas kalla framdriftsplanen «drepande». Både Victoria Wood og Thomas skildra Streatfeilds roman som ei bok dei lenge hadde sett høgt.

Kringkasta og kommersielle utgjevingar[endre | endre wikiteksten]

Filmen blei utgjeven på DVD i Europa i Region 27. januar 2008.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • www.imdb.com: Ballet Shoes
  • www.filmweb.no: Ballet Shoes