Ballet for a Girl in Buchannon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Ballet for a Girl in Buchannon
Song av Chicago
frå albumet Chicago
Utgjeve 26. januar 1970
Innspelt August 1969
Sjanger Rock, jazz, progressiv rock
Lengd 12:55
Selskap Columbia Records
Låtskrivar(ar) James Pankow
Produsent James William Guercio

«Ballet for a Girl in Buchannon» (òg kjend som «The Ballet» og «Make Me Smile Medley») er ein nesten 13 minuttar lang songsyklus/suite av Chicago frå 1970, på albumet deira Chicago (òg kalla Chicago II).

Stykket var komponert av James Pankow, som vart inspirert til å skrive denne «balletten» då han likte godt lange klassiske songsyklusar. Buchannon i tittelen er ei feilstaving av Buckhannon i Vest-Virginia.

«Balleten» tar opp tre fjerdedelar av side to av Chicago og består av sju spor, tre av dei instrumentale:

  1. «Make Me Smile» (solovokal av Terry Kath)
  2. «So Much to Say, So Much to Give» (solovokal av Robert Lamm)
  3. «Anxiety's Moment» (instrumental)
  4. «West Virginia Fantasies» (instrumental)
  5. «Colour My World» (vokal av Terry Kath)
  6. «To Be Free» (instrumental)
  7. «Now More Than Ever» (solovokal av Terry Kath)

Det siste sporet, «Now More Than Ever,» er eit enkelt vers i ein reprise av opningssongen «Make Me Smile». Teksten i songane i suiten fortel ei soge om ein mann som leitar etter ein tapt kjærleik og prøver å tenne kjærleiken dei hadde på ny. To av desse songane nådde topp ti på den amerikanske Billboard Hot 100-lista. Desse var ei singelutgåve av «Make Me Smile (Now More Than Ever)» (9. plass, 1970) og «Colour My World» (7. plass, 1971).

Den instrumentale satsen «West Virginia Fantasies» inneheld instrumentale kontrapunkt mellom blåsarar, gitar og klaverinstrument, og er eit døme på korleis Chicago kunne skrive og arrangere kompliserte musikkstykke.

Suiten vart spelt inn som eit enkelt spor, kalla «The Ballet» på albumet deira Chicago XXVI: Live in Concert i 1999. Versjonen som finst på DVDen Chicago/Earth, Wind & Fire — Live at the Greek Theatre vert kalla «Make Me Smile Medley», etter opningssongen i suiten.

På somme konsertar med Chicago, brukte dei å ende det første settet med dette styket.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]