Ballett

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Hopp til navigering Hopp til søk
Frå Bolero, koreografert av Krzysztof Pastor, framført av den polske nasjonalballetten i 2016, med dansarane Yuka Ebihara og Vladimir Yaroshenko.
Ballettimen av Edgar Degas frå 1874

Ballett er ein type oppvisingsdans med opphav i den italienske renessansen på 1400-talet og seinare utvikla til ei scendansform i Frankrike og Russland. Han har utvikla seg til ei svært teknisk danseform med eit eige vokabular. Ballett har hatt innverknad over heile verda, og har påverka grunnleggjande teknikk i fleire andre danseformer. Ulike danseskular rundtom i verda har også fletta inn sine eigne kulturar. Som følgje av dette har ballett utvikla seg i fleire ulike retningar.

Ein ballett er eit einskild verk av musikk og koreografi for ei ballettframsyning. Ballettar blir framførte av veltrente ballettdansarar. Tradisjonelle klassiske ballettar blir vanlegvis framførte til klassisk musikk, med omfattande kostyme og kulissar. Moderne ballett kan ofte ha enklare kostyme og kulissar.

Ordsoge[endre | endre wikiteksten]

Ballett er eit fransk ord med opphav i italiensk balletto, diminutiv av ballo ('dans') som kjem frå latin ballo, ballare, som tyder 'å dansa'. Dette igjen kjem frå gresk βαλλίζω (ballizo), 'å dansa, å hoppa rundt'.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Louis XIV som Apollon i Ballet Royal de la Nuit (1653)

Ballett har opphav frå hoffliv på 1500- og 1600-talet under den italienske renessansen. Under Catherine de' Medici sin påverknad som fransk dronning spreidde kunstforma seg til Frankrike og utvikla seg vidare.[1] Det var hovudsakleg adelege amatørar som dansa i desse tidlege hoffballettane. Dei bar ornamenterte kostyme som var meint å imponera tilskodarane, men dei avgrensa rørslene til utøvarane.[2]

Ballettar blei oppførte i store rom med tilskodarar på tre sider. Innføringa av proscenium-bogen frå 1618 innførte meir avstand mellom utøvarar og publikum.

Fransk hoffballett nådde eit høgdepunkt under kong Ludvig XIV. Ludvig grunnla Académie Royale de Danse (det kongelege danse akademiet) i 1661 for å halda oppe standarden og godkjenna danseinstruktørar.[3] I 1672 utnemnde kongen Jean-Baptiste Lully til direktør for Académie Royale de Musique (Operaen i Paris) der det fyrste profesjonelle ballettkompaniet, Paris Opera Ballet, voks fram. Pierre Beauchamp var ballettmeister for Lully. Samarbeidet deira kom til å ha sterk påverknad på utviklinga av ballett, og dei blir tilskrivne oppfinninga av dei fem hovudposisjonane til føtene i kunstforma. I 1681 kom dei fyrste «ballerinaene» på scenen etter fleire års opplæring ved akademiet.[2]

Ballett byrja gå tilbake i Frankrike etter 1830, men forma fortsette å utvikla seg i Danmark, Italia og Russland. Då Ballets Russes leia av Sergej Djagilev blei kjend i Europa kort tid før utbrotet av fyrste verdskrigen voks interessa for ballett og byrja ein modern periode.[4]

På 1900-talet hadde ballett sterk innverknad på andre dansesjangrar.[5] Forma blei også påverka av moderne dans, slik at klassisk ballett kan skiljast frå moderne former som oppstod i fleire ulike land.

Kjende ballettdansarar frå 1900-talet er til dømes Anna Pavlova, Galina Ulanova, Rudolf Nurejev, Maja Plisetskaja, Margot Fonteyn, Rosella Hightower, Maria Tall Chief, Erik Bruhn, Mikhail Barysjnikov, Suzanne Farrell, Gelsey Kirkland, Natalia Makarova, Arthur Mitchell og Jeanne Devereaux.[6] Jeanne Devereaux var prima ballerina i tre tiår, og sette ein verdsrekord ved at ho kunne utføra 16 trippel-fouettar.[7]

Stilar[endre | endre wikiteksten]

Den klassiske ballettdansaren Marie Sallé

Over tid har det utvilka seg stilistiske variasjonar og undersjangrar av ballett. Tidlege klassiske variasjonar er først og fremst assosierte med geografisk opphav. Døme på dette er russisk ballett, fransk ballett og italiensk ballett. Seinare variasjonar, som moderne ballett og nyklassisk ballett, inkluderer både klassisk ballett og utradisjonell teknikk og rørsle. Den kanskje mest kjente og framførte ballettstilen er seinromantisk ballett (eller ballet blanc).

Klassisk ballett[endre | endre wikiteksten]

Valse des cygnes frå Akt II av Ivanov/Petipa-versjonen av Svanesjøen

Klassisk ballett er basert på tradisjonell balletteknikk og vokabular.[8] Det har oppstått ulike stilar i forskjellige land, som fransk ballett, italiensk ballett, engelsk ballett og russisk ballett. Fleire av dei klassiske ballettstilane er assosierte med spesifikke treningsmetodar, vanlegvis med namn etter skaparane sine (sjå nedanfor). Royal Academy of Dance-metoden er ein balletteknikk og eit treningssystem som blei grunnlagde av ei mangfaldig gruppe ballettdansarar. Dei slo saman dei respektive dansemetodane sine (italiensk, fransk, dansk og russisk) for å skapa ein ny ballettstil som er unik for organisasjonen og er internasjonalt anerkjend som den engelske ballettstilen. Nokre kjende døme på klassiske ballettproduksjonar er Svanesjøen, Tornerose og Nøtteknekkaren.

Romantisk ballett[endre | endre wikiteksten]

Carlotta Grisi, den opphavlege Giselle i 1841, med romantisk tutu

Romantisk ballett var ei kunstnarisk rørsle innan klassisk ballett, og fleire produksjonar frå denne perioden er blitt verande i det klassiske repertoaret. Den romantiske epoken var prega av framveksten av pointe-arbeid, dominans av kvinnelege dansarar og lengre, flytande tutuar som freista å framheva mjukleik og ein delikat aura. Denne rørsla fann stad frå tidleg til midten av 1800-talet (romantikken) og hadde tema som la vekt på intense kjensler som kjelde til ei estetisk oppleving. Handlingane i mange romantiske ballettar dreidde seg om åndekvinner (sylfar, wilis og spøkelse) som stal hjarta og sansane til døydelege menn. La Sylphide frå 1827 blir rekna for å vera den fyrste av desse, og Coppélia frå 1870 blir rekna for å vera den siste. Kjende ballettdansarar frå den romantiske epoken inkluderer Marie Taglioni, Fanny Elssler og Jules Perrot. Perrot er òg kjend for koreografien sin, spesielt til Giselle, som ofte blir sett på som den mest berømte romantiske balletten.[2]

Neoklassisk ballett[endre | endre wikiteksten]

Alexandra Danilova og Serge Lifar, Apollon Musagète, 1928

Neoklassisk ballett er vanglegvis abstrakt, utan noko klart plott, kostyme eller scenografi. Val av musikk kan variera, og kan ofte omfatta musikk som også er neoklassisk (som Stravinskij eller Roussel). Tim Scholl, forfattaren av From Petipa to Balanchine, reknar George Balanchine sin Apollo frå 1928 som den fyrste neoklassiske balletten. Apollo stod for ei tilbakevending i form som respons på Sergej Djagilev sine abstrakte ballettar. Balanchine samarbeidde med moderne dans- koreografen Martha Graham, og henta inn moderne dansarar til kompaniet sitt som Paul Taylor, som opptredde i Episodes av Balanchine i 1959.[9]

Medan Balanchine gjerne er rekna som det fremste symbolet på neoklassisk ballett, blei det også gjeve viktige bidrag av andre. Frederick Ashton sin Symphonic Variations (1946) er eit viktig verk frå denne koreografen. Det var sett til César Franck sitt musikkverk med same tittel, og er ei rein dansetolking av musikken.

Det voks også fram ei anna form, moderne ballett, frå neoklassisismen. Blant nyskaparane innan denne forma var Glen Tetley, Robert Joffrey og Gerald Arpino. Sjølv om det var vanskeleg å nøyaktig skilja moderne ballett frå nyklassisisme, la arbeidet til desse koreografane vekt på ein større atletikk som avveik frå den delikate forma til tidlegare ballett. Fysikken var meir dristig, med stemning, motiv og musikk meir intens. Eit døme på dette kan vera Joffrey sin Astarte (1967), som blei framført til rockemusikk og hadde seksuelle overtonar i koreografien.[10]

Samtidsballett[endre | endre wikiteksten]

Balletthopp utført i moderne, ikkje-klassisk form i samtidsballett

Denne balletttypen blir ofte framført berrføtt. Samtidsballettar kan inkludera miming og skodespel, og er vanlegvis sette til musikk (typisk orkestermusikk, men nokre gonger også vokal). Det kan vera vanskeleg å skilja denne forma for ballett frå neoklassisk eller moderne ballett. Samtidsballett ligg også nær samtidsdans fordi mange moderne ballettkonsept kjem frå ideane og nyvinningane til moderne dans på 1900-talet. Hovudskilnaden er at ballettteknikk er avgjerande for å kunna utføra ein moderne ballett.

George Balanchine blir rekna for å ha vore ein pioner innan moderne ballett. Ein annan tidleg samtidsballettkoreograf, Twyla Tharp, koreograferte Push Comes To Shove for American Ballet Theatre i 1976, og i 1986 In The Upper Room for sitt eige kompani. Begge desse stykka blei sett på som nyskapande for samansmeltinga si av utprega moderne rørsler med bruk av ballettsko og klassisk trena dansarar.

I dag finst det mange ballettkompani og koreografar innan samtidsdans, som Alonzo King og kompaniet LINES Ballet; Matthew Bourne og kompaniet New Adventures; Complexions Contemporary Ballet; Nacho Duato og Compañia Nacional de Danza; William Forsythe og The Forsythe Company; og Jiří Kylián og Nederlands Dans Theater. Tradisjonelle «klassiske» kompani, som Mariinskijballetten og Paris Opera Ballet, framfører også jamleg samtidsverk.

Omgrepet «ballett» har utvikla seg til å omfatta alle former som er knytte til det. Einkvan som trenar til å bli ballettdansar vil no forventast å kunna utføra nyklassisistisk, moderne og moderne arbeid. Ein ballettdansar blir forventa å kunna vera staseleg og kongeleg for klassisk arbeid, fri og lyrisk i nyklassisk arbeid, og upretensiøs, sterk eller daglegdags for moderne og samtidsarbeid. I tillegg er det fleire moderne variantar av dans som kombinerer klassisk balletteknikk med samtidsdans, til dømes Hiplet, som krev at dansarar har kjennskap til ikkje-vestlege dansestilar.[11]

Kostyme[endre | endre wikiteksten]

Prima Ballerina, Anna Pavlova
Anna Pavlova (prima ballerina). Tidlege materiale for balletkostyme var tunge, og kunne hindra rørsle.

Renessanse og barokk[endre | endre wikiteksten]

Røtene til ballett går tilbake til renessansen i Frankrike og Italia då hoffklede var utgangspunkt for ballettkostyme. Det har eksitert ballettkostyme sidan byrjinga av 1400-talet. Bomull og silke blei blanda med lin og vovne til halvgjennomsiktige material[12] for å laga utsøkte ballettkostyme.

1600-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1600-talet tok ein i bruk ulie typar stoff og design for å gjera kostyma meir spektakulære og iaugefallande. Hoffdrakt blei framleis brukt av kvinner i dette hundreåret. Silke, sateng og stoff brodert med ekte gull og edelsteiner forhøga den spektakulære dekorasjonen nytta til ballettkostyme.[12] Kostyme for kvinnelege dansarar omfatta tunge klede og knelang skjørt som gjorde det vanskeleg for dei å ha mykje rørsle og gestar.

1700-talet[endre | endre wikiteksten]

På 1700-talet minna scenekostyme framleis om hoffdrakt, men endra seg over tid. Mykje av dette kom frå den franske dansaren og ballettmeisteren Jean-Georges Noverre (1727–1810), som ein kan sjå leggja fram revolusjonære forslag for å modernisera ballett i Lettres sur la danse et les ballets (1760). Boka til Noverre tok viktigheita i ein produksjon vekk frå kostyma til fordel for dei fysiske rørslene og uttrykte kjenslene til dansarane.

Europeisk ballett var sentrert rundt Paris Opera.[12] I denne perioden blei skjørta heva nokre tommar opp frå bakken. Blomar, band, volangar og blonder la vekt på denne overdådige feminine stilen, og mjuke pastelltonar i sitron, fersken, rosa og pistasj dominerte fargespekteret.[12]

1800-talet[endre | endre wikiteksten]

Olga Spessiva i Svanesjøen-kostyme tidleg på 1900-talet.

Tidleg på 1800-talet brukte ein tettsitjande kostyme, blomekroner, blomenåler og juvelar til kostyma. Dei romantiske ideala blei reflekterte gjennom kvinnelege rørsler.[12]

Kostyma blei mykje stramare etter kvart som korsett byrja å komma i bruk, for å visa fram kurvene til ballerinaene. Juvelar og glitrande kostyme blei mykje meir utbreidde.

1900-talet[endre | endre wikiteksten]

Maggie Gripenberg (i midten) opptrer ved Det finske nasjonalteateret i 1916.

På 1900-talet gjekk ballettkostyme tilbake til påverknaden frå russisk ballett. Ballerinaskjørt blei endra til knelange tutuer seinare for å visa fram det presise tåspissarbeidet til dansarane. Fargar brukte på scenekostyme blei òg mykje meir levande. Designarar brukte fargar som raudt, oransje, gult osb. for å skapa eit visuelt uttrykk når ballettdansere opptredde på scena.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Homans, Jennifer (2010). Apollo's Angels: A History of Ballet. New York: Random House. s. 1–4. ISBN 978-1-4000-6060-3. 
  2. 2,0 2,1 2,2 Clarke, Mary; Crisp, Clement (1992). Ballet: An Illustrated History. Great Britain: Hamish Hamilton. s. 17–19. ISBN 978-0-241-13068-1. 
  3. «The Art of Power: How Louis XIV Ruled France ... With Ballet» (på engelsk). Mental floss. 15. mars 2017. Arkivert frå originalen 2017-10-02. Henta 2. oktober 2017. 
  4. Greskovic, Robert (1998). Ballet 101: A Complete Guide to Learning and Loving the Ballet. New York, New York: Hyperion Books. s. 46–57. ISBN 978-0-7868-8155-0. 
  5. «Ballet And Modern Dance: Using Ballet As The Basis For Other Dance Techniques». Student Resources (på engelsk). 5. august 2014. Arkivert frå originalen 2017-10-02. Henta 26. juli 2017. 
  6. «The ten greatest ballet dancers of the twentieth century». Classic FM (på engelsk). Arkivert frå originalen 2017-10-02. Henta 2. oktober 2017. 
  7. Lesko, Kathleen Menzie.
  8. Grant, Gail (1982). Technical Manual and Dictionary of Classical Ballet. New York, US: Dover Publications. ISBN 978-0-486-21843-4. 
  9. Scholl, Tim (1994). From Petipa to Balanchine: Classical Revival and the Modernization of Ballet. London: Routledge. ISBN 978-0415756211. 
  10. Greskovic, Robert (1998). Ballet 101: A Complete Guide to Learning and Loving the Ballet. New York, New York: Hyperion Books. s. 46–57. ISBN 978-0-7868-8155-0. 
  11. Kourlas, Gia (2. september 2016). «Hiplet: An Implausible Hybrid Plants Itself on Pointe». The New York Times. ISSN 0362-4331. Arkivert frå originalen 2016-12-21. Henta 3. desember 2016. 
  12. 12,0 12,1 12,2 12,3 12,4 «Ballet Costume History - Tutu Étoile». Tutu Étoile (på engelsk). Arkivert frå originalen 2016-11-14. Henta 18. november 2016.